skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Klissete ballar gir betre lagånd?

Norske verksemder brukar ein milliard kroner årleg på ymse påfunn som skal få medarbeidarane til å arbeida betre samen. Ekspertar stiller spørsmål ved verdien av slike tiltak. ved Egil Johan Ree

Publisert 20.08.2002 14:09.
Skyt ein ekkel ball med klissete måling på kollegaen din, så er du med på å utvikla lagånda i verksemda. For lagånd er eit av moteorda i næringslivet der ambisiøse sjefar ikkje går av vegen for nokon ting for å få medarbeidarane til å vera glade og samarbeidsvillige på jobben og dermed yta meir. Utanfor kontordøra til sjefane står oppfinnsame konsulentar i kø for å selgja kurs og seminar og utflukter som skal fremja lagånda og arbeidsinnsatsen. "Teambuilding", heiter det gjerne, eller "kick off", for engelsk må det vera om sjefane skal finna fram lommeboka. Og sjefane lar seg lokka med av dei frimodige selgjarane. Om lag ein milliard kroner årleg brukar norske verksemder på slikt. Det har Adresseavisen rekna ut.

Fulle av entusiasme sender sjefane medarbeidarane ut i naturen. Der skal dei for eksempel skyta på kvarandre med såkalla "paintball", kuler laga av fargestoff dekte av gelatin. Eller dei skal la seg fira ned frå farlege fjellskrentar, driva med rafting i ville elvar eller vandra i skumle juv. Måndagen etter skal dei møta friske og opplagde på jobb, fulle av lagånd og vilje til å auka produksjonen.

Tidlegare var slike seminar litt mindre ekstreme. Ei tid var det til dømes "in" å utvikla samhald og lagånd ved å sitja tett saman og ta på kvarandre. Minnest vi ikkje feil, skulle ein og avsløra seg ved å fortelja intime detaljar om seg sjølv. Somme måtte ha psykologhjelp for å koma seg etter slike seminar, så konsulentane måtte etter kvart finna på noko nytt. For konsulentar finn alltid på noko nytt for å tena pengar på næringslivet, og sjefane er sjølvsagt redde for å bli akterutseilte, så dei pungar ut.

Dei fleste medarbeidarane synest sikkert det er eit hyggeleg avbrekk å få koma på seminar, jamvel om mange kanskje ikkje er like oppglødde over å klatra i bratte bergvegger. Men spørsmålet er om sjefane får noko att for kursutgiftene. Ekspertar som Adresseavisen har snakka med, tvilar helst på det. Det kan kanskje ha kortvarig verknad, men på lengre sikt blir det korkje betre samarbeid eller auka lønsemd, meiner ein professor i sosialpsykologi.

Han greier sikkert ikkje overtyda dei mange sjefane. Det er det berre kurskonsulentar som greier. Og når paintball og elverafting snart går av moten, så kjem nok konsulentane med nye påfunn - om ikkje sjefane i mellomtida finn ut at det er like billeg og effektivt med julebord.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no