Kåseriet: Flaum her og flaum derI dagevis har vi følgt med på dei dramatiske meldingane om flaumen i dei store europeiske elvane. Men flaumen og uveret i Asia, som har langt større dimensjonar, har ikkje fått så store overskrifter.
v. Egil Johan Ree Publisert 19.08.2002 14:32. For litt sidan regna det skikkeleg i Oslo. Vatnet flaut i gater og kjellarar, og Dagsrevyen rykte ut slik at vi alle skulle få sjå kor fælt dei hadde det i hovudstaden. For det er dei nære ting vi er mest opptatt av, naturleg nok.
Tyskland er ikkje så langt borte det heller. Mange av oss har vore der, og somme har til og med vore i både Tsjekkia, Slovakia og Ungarn. Med store augo har vi følgt med på dei dramatiske rapportane frå breiddene av Moldau, Elben og Donau, sett hus og heimar ståande under vatn, følgt dugnadsgjengane med sandsekkene i kamp for å redda verneverdige hus og andre kulturminne. Folk har mista livet i flaumen. Fjernsyn og radio har følgt utviklinga dag for dag, avisene har hatt lange reportasjar. For det er ikkje kvart år naturkreftene herjar så brutalt i nærområda våre.
Men frå Asia har vi ikkje høyrt så mykje jamvel om det regnar og bles ein del der også. Det ser vi i eit telegram i dag. Mange hundre har mista livet til denne tid. Landsbyar er jamna med jorda, avlingar er øydelagde, samferdsla har stansa opp. Dette er i Kina, Vietnam og avsidesliggjande område i det nordlege India. Tusenvis av menneske skal vera på flukt. Dessutan har nokre hundre mista livet i regnstormar i Nepal, Iran og Filippinane. I Japan rasar ein tyfon med fart på 126 kilometer i timen. I Hunan-provinsen i Kina har dei den tredje flaumen sidan juni i år. Og snart kjem vinteren og frosten til folk som sit utan hus og mat.
Det er ikkje stort vi har sett i norske media om katastrofane på den kanten av kloden, for Asia er så langt borte. Dessutan er dei vane med slikt på dei kantar, går vi ut frå. Har dei ikkje tyfonar og flaumar og liknande naturkatastrofar kvart år i Asia? Det er verre med oss her i Europa som ikkje opplever slikt så ofte. Då grøssar vi og synest synd på stakkarane det har gått ut over og vonar inderleg at EU og dei nasjonale regjeringane er raske med å bla opp så pass mange milliardar at folk kan få skadebot for øydeleggingane. Dessutan ber vi om at eventuelle giftstoff frå den forureina jorda i det tidlegare DDR ikkje kjem rekande like opp til våre farvatn. For vi er oss sjølv nærast og vil ikkje ha gift i fisken og vatn i kjellarane våre. Flaumen i Asia er det ikkje stort vi kan gjera med likevel.
|