- Vi meiner at anten så har ein sertifikat, eller så har ein det ikkje, seier politisk rådgjevar Alfred Bjørlo i Samferdsledepartementet. Inger Enger (Sp) meiner enkelte eldre berre bør få køyre på lokale vegar.
- Eit slikt framlegg vil skape eit A-lag og eit B-lag av sjåførar. Enkelte får eit slags andrerangs sertifikat. Det ynskjer vi ikkje, seier Bjørlo.
I dag finst det berre eitt førarkort for bil. Sjølv om du ikkje har køyrt andre vegar enn heimefrå til butikken dei siste femti åra, har du lov til å ferdast på motorvegar som Autobahn i Tyskland. Vel å merke om du har passert den årlege legesjekken som alle over 70 år må gå til.
Ikkje i bruk
Vegdirektoratet kan utstede førarkort som berre gjeld innan avgrensa geografiske rammer, ifølgje forskriftene i Vegtrafikklova. Men ifølgje Enger er bestemmelsen i praksis ikkje i bruk.
- Det er på tide at vi tek i bruk att regelen, slik at eldre kan få ha køyre bil lenger om dei held seg på lokale vegar som dei kjenner, seier Inger Enger, som no vil ta spørsmålet opp i Stortinget. Samferdsledepartementet vil heller satse på å få ut informasjon til folk.
- Vi sender ut informasjonsskrift til alle bilførarar over 70 år om deira rettar og plikter som sjåfør. Vi gir også tilbod om oppfriskingskurs, seier Bjørlo.
Fylkeslegen avgjer
Legen din har ikkje heimel til å til å nekte deg å køyre, men må melde frå til fylkeslegen viss han meiner du ikkje lenger er skikka til å køyre. Det er fylkeslegen som tek den endelege avgjerda i slike saker.
Talet på eldre sjåførar kjem til å auke sterkt i åra som kjem. I dag har halvparten av dei som er over 65 år førarkort, medan 90 prosent av dei under 50 år har førarkort.