37 år gamle Tor frå Trondheim er - eller var - ein av 40 000 nordmenn som stammar. No er han så godt som kvitt stamminga si. Kuren er å gå rundt i byn og snakka med ukjende.
Av Håvard Kleppa
Tor Jullumstrø har stamma heile livet - og ingenting har hjulpe. Men - for eit halvt år sidan melde han seg på eit kurs etter den amerikanske psykiataren David McGuire.
McGuire-metoden er utvikla av folk som sjøl har stamma. Deltakarane på kurset er pressa til det maksimale. 16-17 timar intensiv trening kvar dag over fire dagar. Og etterpå har Tor fortsatt med oppgåvene frå kurset rundt om i Trondheim. Ein annan metode er å tvinga seg sjøl til å ta seksti-sytti telefonar på rappen - rett og slett for å tøya grenser.