- Vaklande, kallar generalsekretæren i den norske avdelinga av Amnesty, Petter Eide det. Han er provosert av statssekretær Kim Traavik som seier dette er eit vanskeleg folkerettsleg spørsmål.
- Det er det ikkje, seier Eide. Dersom USA får viljen sin, kjem det til å ramma den heilt ferske internasjonale straffedomstolen som kom i drift frå 1.juli i år etter mange års kamp mellom anna frå Noreg, seier han.
USA har vendt seg til Noreg og svært mange andre land, mellom anna EU, og bede om at dei ikkje utleverer amerikanske statsborgarar til domstolen.
- Dersom Noreg og mange andre land godtar krava frå USA, er dette å undergrava domstolen, seier Øystein Djupedal frå SV. Og det ville vera heilt forferdeleg.
Åslaug Haga frå Senterpartiet seier at her er det berre å gi eit tindrande klart svar til amerikanarane. - USA kan ikkje få eit fritak frå å bli stilt for den internasjonale straffedomstolen, seier ho. - Det burde sitta i ryggmargen at svaret på dette spørsmålet er nei.
- Dette er eit nytt trekk frå amerikanarane for å undergrava domstolen. Dersom amerikanarane får unntak, kvifor skal ikkje andre land også få unntak, spør Haga.