skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Vil ha varmerekord

Gvarv brukte å kjempe med Nesbyen om å vere varmast i landet. Men no er det slutt. Etter at meteorologisk institutt flytta målestasjonen sin, er temperaturen gått ned med tre grader.

Publisert 05.08.2002 16:16.
Av Kjetil Malkenes Hovland

- Dersom eg kunne be Meteorologisk Institutt om noko, så vil eg gjerne at dei flyttar målestasjonen ned att til Gvarv, seier Kristoffer Hesthag, tidlegare ordførar i Sauherad kommune.

Nesbyen har framleis varmerekorden på 35,6 grader.
- Er du misunneleg på Nesbyen sine varmerekordar?
- Misunneleg og misunneleg. Det er jo trist. Gvarv brukte å kjempe med Nesbyen om å vere den varmaste staden i landet. No gjer vi det ikkje lenger, seier Kristoffer Hesthag. Den tidlegare ordføraren i Sauherad meiner temperaturen som blir målt er langt lågare enn før. Årsaken er mellom anna høgdeskilnad.

- Før låg målestasjonen tjue meter over havet, no ligg han på kring 100 meter. Det har mykje å seie, fortel Hesthag.

Nesbyen er varmare

- Nesbyen har framleis varmerekorden på 35,6 grader frå juni 1970. Vi har jo registrert at Gvarv har vore i nærleiken av dette, men ein må akseptere at målestasjonane ligg der dei ligg. Heller ikkje målingane i Nesbyen blir gjort på det varmaste punktet, seier ordførar Audun Aasheim i Nesbyen.

Trekk frå elva

Årsaken til at målingane har sunke på Gvarv, er høgdeskilnaden og trekk frå ei elv, fortel operatør Anders Høybø ved målestasjonen.

- Ein merkar det særleg når ein går oppover langs elva om kvelden. Temperaturen er veldig skiftande, fortel Høybø.

Varmare andre stader

Men målestasjonen i Nesbyen har også blitt flytta. Olav Rukke har tatt tempen på Nesbyen i tjuefem år, og fortel at målestasjonen langt frå er det varmaste punktet i tettstaden.

- Det var varmare der målestasjonen låg før. Det var like ved jarnbanen. Det var heilt ope, og plassen var dekt av sand. Når det var varmt, var det som ein steikeomn. Her som stasjonen ligg no, er det hekk rundt og ganske annleis. Det er langt frå den varmaste staden i Nesbyen, seier Rukke.

Unøyaktig temp

Det er vanskeleg å måle korrekte temperaturar i Noreg, for variasjonane kan vere svært store, fortel Margareth Moe ved meteorologisk institutt.

- Temperaturane vi måler er nøyaktige. Men Dalar, fjordar og fjell gjer at det er store variasjonar frå stad til stad. Vi freistar å finne den mest representative staden for målingar som skal gjelde over større område. Det har vi også gjort i Gvarv, seier Moe.

Ta tempen på oss!

Men folk frå Gvarv er stolte av varmen sin, og vil gjerne halde fram å knive med Nesbyen om varmerekordane. Den tidlegare ordføraren sukkar:

- Gvarv var på toppen av varmestatistikkane, og det blei kommentert. Vi fekk mykje omtale i radio og aviser av det. Kom du ut av distriktet, så hadde folk registrert at Gvarv var ein god og varm stad. No har vi mista det, seier Hesthag.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no