skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Gratis tissing- for den som står

Å sitje på do kostar fem kroner i Trondheim.
Å sitje på do kostar fem kroner i Trondheim.
Bimmelibom eller bimmelibim? Må du sitje når du skal på do i Trondheim kostar det deg fem kroner. Men kan du stå,- er det gratis! Jentene er misnøgde, men kommunen meiner at også jentene kan bruke urinalet.

Publisert 16.07.2002 12:56.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av: Kjetil Malkenes Hovland og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

I Trondheim er det gratis å bruke urinalet på dei offentlege toaletta. Men dersom du vil eller må sitje, kostar det derimot fem kroner. Mange reagerer på skilnaden, men kommunen har sitt på det tørre. Urinalet er nemleg gratis for begge kjønn. Dei vi møter utanfor toalettet i Fjordgata er likevel skeptiske til at jenter skal bruke urinal:

- Korleis skal ein få til dette? Nei, dette står eg over. Eg betalar heller fem kroner for å sitje, seier ei kvinne og ristar på hovudet.

På dei offentlege toaletta i Trondheim må ein nemleg betale for å sitje, og det rammar først og fremst jentene.

- Her i urinalet er ei rist på golvet, der ein skal gjere frå seg.For å bruke dette, må jentene rett og slett av med alle kleda. Dette er ikkje haldbart, seier kvinner i do-kø.

Sjølv om toalettet i Fjordgata er både reint og fint, er det ikkje nok. Også mennene synest ordninga er tullete:

- Nei, dette er for vanskeleg. Den kvinna som klarer å tisse i dette urinalet, vil eg gjerne sjå. Dette er laga for menn, seier ein mannleg toalettgjest.

Til saman har dei fem offentlege toaletta i Trondheim kring fire tusen besøk i månaden. Åtti prosent av desse besøka går til urinalen. Dogjestane trur prisen på fem kroner gjer at få kvinner nyttar seg av tilbodet.
Jenter vil helst sitje på do.


Trondheim kommune synest dette er ei tullesak og nektar å la seg intervjue av NRK Her og Nå. Kommunen meiner at kvinner kan velje å stå og urinere akkurat som menn, og at prisskilnaden difor ikkje har noko å seie. Ifølgje kommunen er dette berre eit journalistisk poeng.

Brukarane er av ei anna meining:
- Toalettbesøk bør vere gratis for alle!


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no