skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Veit mindre om havet enn om Mars:

- Naturrikdomar går tapt

Havbotnen veit vi lite om, meiner Verdas Naturfond.
Havbotnen veit vi lite om, meiner Verdas Naturfond.
Store naturrikdomar på botnen av havet går tapt - fordi ingen undersøkjer havbotnen. Utanfor Sula på Sunnmøre vart det funne eit 8000 år gamalt korallrev, etter at ein hadde sagt ja til oljeutvinning i området. Ein del av kunnskapane våre om havet går heilt tilbake til Fridtjof Nansen si tid, seier Verdas Naturfond.

Publisert 16.07.2002 11:30. Oppdatert 16.07.2002 13:11.
Av: Kjetil Malkenes Hovland og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Bølgjene i havet er lette å registrere. Verre er det med havbotnen. Korallrevet utanfor Sula på Sunnmøre vart funne for eit par år sidan, etter at det var gitt grønt lys til oljeutvinning i området.

Revet utanfor Røst i Nordland vart funne ved ei tilfeldigheit i år, også det hadde gøymt seg i havet i tusenvis av år. Korallrevet utanfor Røst er 45 kilometer langt og to til tre kilometer breitt.

- Tretti til femti prosent av korallreva utanfor kysten er gått tapt, og det vil ikkje bli danna nye, seier Andreas Tveteraas, rådgjevar for havmiljø i Verdas Naturfond.

- Staten har for liten kunnskap

Mange korallrev har gått tapt fordi havbotnen ikkje er godt nok undersøkt, seier Andreas Tveteraas. Han meiner at det er store hol i staten sine kunnskapar.

Utanfor Røst vart det oppdaga eit 8000 år gamalt korallrev nyleg.
- Det er eit paradoks at vi som er ein havnasjon veit mindre om havet enn om overflata på Mars.
- Kva kan vi gjere med dette?
- Vi må vite kor korallreva er, og den kunnskapen har vi ikkje, fortel Tveteraas.

Berre ti prosent av havbotnen utanfor norskekysten er undersøkt, ifølgje Noregs geologiske undersøkingar.

Erik Solheim i Noregs Naturvernforbund fryktar at verdfulle ressursar kan gå tapt.

- Ti prosent, det er så lite at vi veit så godt som ingenting om kva som går tapt, seier Solheim.

Utfordrar staten

Havområda i nord er særleg omstridde. Olje- og energidepartementet skal i år vurdere følgjene av oljeutvinning utanfor Lofoten og i Barentshavet. I samband med dette arbeidet bør staten gjere nye undersøkingar i desse områda, meiner Verdas Naturfond.

- Mykje av informasjonen er svært gammal, noko så langt tilbake som til Nansen si tid. Men havet endrar seg, og ein må ha oppdatert informasjon for å kunne ta rette avgjerder, seier Andreas Tveteraas

Fleire forskingsinstitusjonar og direktorat har samarbeidd om eit prosjekt for å få undersøkt havbotnen utanfor norskekysten. Ifølgje Tveteraas vil det koste kring 250 millionar kroner å lage kart over botnen av Barentshavet.

- Ein har utstyret, no må styresmaktene ta ansvar, utfordrar Andreas Tveteraas.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no