Vi registrerer på våre kantar av Vestlandet at fellesferieveret er på plass. Her er korte periodar med grått opphaldsver mellom bygene. Temperaturen held seg på 12-14 grader, om lag den same som ved juletider. På skjermen kan vi sjå korleis lågtrykka trufast flyttar seg mot vestlandskysten. Sør for Stad og Dovre, seier meteorologen, sør for Stad og Dovre blir det regnbyger, lengst i sør til dels store nedbørmengder. Og vest for Irland lagar det seg til eit nytt lågtrykk som snart nærmar seg kysten av Vestlandet. Det lagar seg stadig nye lågtrykk vest for Irland.
 |
Nå har bergensarane hatt dårleg ver så lenge at dei er blitt bitre og forbanna. |
Bitre
Her i sør-vest tar vi dette med resignert ro. Vi som har levd ei stund, veit at det er slik det er om sommaren. Lenge trudde vi at det var slik i Bergen og, byen der paraplyen er blitt eit slag varemerke. Men så kjem det melding i dag om det har gått aldeles over styr for bergensarane. Nå har dei hatt dårleg ver så lenge at dei er blitt bitre og forbanna og har tatt til å gå laus på kvarandre.
Denne dramatiske meldinga står å lesa i Bergensavisen. Det blir meldt om stygge valdshandlingar i sentrum av byen. Ein svenske slått ned i Olav Kyrres gate, to menn slått ned på Torvalmenningen, ein slått til blods på Nedre Korskirkealmenning, ei kvinne banka opp i Krinkelkroken. Både politiet og natteravnane hevdar at det er veret som har skulda. Etter ein månad med stygt ver er bergensarane på brestepunktet, les vi. Når det er litt dårleg ver og skyene heng ned over Ulrikken, kan det verka som om folk i byen får lettare tenning, seier ein vaktsjef ved Hordaland Politikammer.
Fleirtalet rolige
Kva i all verda er det som har skjedd med bergensarane? tenkjer vi i første omgang. Så tar vi ein ny gjennomgang av statistikken og fell i tankar om at Bergen er ein ganske stor by i norsk målestokk. Ca 230 000 bergensarar bur det der og av dei er fire pluss ein svenske blitt slått ned ein sein laurdagskveld. Nesten 230 000 har ikkje gripe til vald, og det er i grunnen ein ganske stor prosent. Det kan vel tenkjast at ein del av desse siste og gjer seg sine bitre tankar om veret på Vestlandet, men dei går altså ikkje ut på Torvalmenningen eller i Krinkelkroken og slår ned folk fordi om sola ikkje skin. Ut frå det vågar vi å tru at også dei fleste bergensarar i grunnen er eit fredeleg folkeferd som, når det kjem til stykket, reagerer på regnveret med resignert ro - nett som vi andre vestlendingar.