skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Frp om Natur og Ungdom:

- Fjern statsstøtta

Framstegspartiet vil ta statsstøtta frå Natur og Ungdom. Det er urimeleg at ein organisasjon som driv med ulovlege aksjonar, skal gjere det med pengestøtte frå staten. Det meiner stortingsrepresentant Øyvind Korsberg frå Framstegspartiet.

Av Aagot Opheim. Publisert 08.07.2002 14:05. Oppdatert 08.07.2002 14:07.
Aksjonane mot Snøhvit-utbygginga i Hammerfest kan koma til å kosta Natur og Ungdom dyrt. To millionar kroner får organisasjonen i årleg støtte frå staten fordelt på to postar i barne-og familiedepartementet og miljøverndepartementet. Desse pengane vil Frp foreslå at organisasjonen mistar frå neste år.

- Ein kan ikkje på den eine sida driva med ulovlege aksjonar mot lovleg fatta vedtak, og på den andre sida ta i mot pengar frå den same staten som har fatta desse vedtaka, seier Øyvind Korsberg. Han sit i energikomiteen på Stortinget for Framstegspartiet.

I over ei veke har Natur og Ungdom prøvd å hindra Statoil i å frakta anleggsmaskinar til Melkøya utanfor Hammerfest. Slik ønskjer Natur og Ungdom å ramma heile Snøhvit-utbygginga som blir den aller første olje- og gass-utvinninga i Barentshavet.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no