skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Bli fjelldetektiv!


Skal du gå i fjellet i sommar? Då har du sjansen til å verte naturforskarne sin hjelpar. Dei vil ha hjelp av fjellvandrarar til å observere endringar i naturen.

Publisert 05.07.2002 11:16. Oppdatert 05.07.2002 11:19.
Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og Benedikte Skogheim

Kvitkrull er ein lavsort som står i fare for å døy ut. Difor er det en av fleire observasjonar som vanlege turgåarar kan gjere på fjellet, det du ser kan verte viktig for naturforskarane. Amatørforskarar med skarpt blikk kan hjelpe til i prosjektet Fjellvåk, eit samarbeid mellom Den norske Turistforening, DNT, og Norsk institutt for Naturforsking.

Raud snø og reinsdyr

- Kvitkrullen fryktar vi er i ferd med å døy ut, seier nestleiar i DNT, Pernille Rød Larsen. Kvitkrullen er lav som ofte vert brukt i kransar og dekorasjonar.

- Kvitkrullen skal vere kvit og crispy når den er tørr. Dersom ein ser grå, død kvitkrull, skal ein melde frå, seier Rød Larsen.

I tillegg til kvitkrullen er det tre andre ting forskarane vil at du skal sjå etter. Det er reinsdyr, fjellrev og raud snø.

Ta med skjema

Dersom du finn noko interessant, kan du skrive om dette på eit eige skjema som du kan få hjå DNT. Men Turistforeningen er ikkje berre interesserte i observasjonar, også opplevingar:

- Vi vil gjerne at folk skriv om det dei opplever på fjellet. Dette er også viktig for forskinga, seier Pernille Rød Larsen.

Rød Larsen røper kva som er det beste ho veit når ho er på fjelltur:

- Å ta av seg fjellskoa etter ein lang dag. Det er fantastisk!


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no