skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Lurt av departementet

Kulturdepartementet har provosert eldsjelene i Møllergata Skoles Musikkorps. Dei la ned masse arbeid i ein søknad for å koma på kulturarv-lista til UNESCO, men så var ikkje departementet interessert likevel.

Av Aagot Opheim. Publisert 25.06.2002 13:19. Oppdatert 25.06.2002 15:48.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Først ba departementet om norske kandidatar til UNESCO si liste for levande kulturarv. Etter at skulekorpset til Møllergata hadde lagt ned eit stort arbeid for å dokumentera kvifor dei passar på ei slik liste, fann departementet ut at kriteria for lista er for uklare, og vil ikkje nominere nokon likevel.

Bryggen i Bergen står på kulturarv-lista til UNESCO. No meiner Møllergata Skoles Musikkorps at dei høyrer heime på UNESCO si liste over den levande kulturarven for historieforteljing, teater, musikk og andre kulturelle ytringar.

Møllergata er det eldste skulekorpset i Noreg, og feira hundreårs-jubileum i fjor. Alt året etter kunne elevane på Møllergata skole som dei første i landet gå i 17.mai-tog etter musikk. - Tidleg på 1900-talet var korpset frå skulen midt i Oslo på turne rundt om i landet. Slik førte dette korpset til at ungar i heile landet starta musikk-korps, seier Sjur Helseth i Møllergata Skoles Musikkorps.

Helseth meiner difor at korpset frå Møllergata bør stå på lista til UNESCO som representant både for dei eineståande korps-tradisjonen i Noreg, og for måten me feirar nasjonaldagen vår på. - Ingen andre stader i verda spelar så mange 6-7-åringar blåseinstrument i korps, seier Sjur Helseth.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no