Framstegspartiet vil betala no for å hindra konkurs, men næringsministaren seier nei. Men viss ikkje Regjeringa finn ei løysing som kan hindra konkurs på Fosen, kan Stortinget nok ein gong koma til å overprøva Regjeringa.
The World kosta
Fosen mekaniske verkstad bygde først luksusskipet The World, skipet som skal vera ein flytande heim for dei aller rikaste i heile verda. I februar var det fest med bunad og champagne. Så kom kvardagen dundrande. Skipsverftet manglar fleire hundre millionar kroner dei skulle ha brukt å betala rekningar for.
Det kosta å byggja verdas flottaste skip for eit lite skipsverft på Fosen i Sør Trøndelag. Samtidig kom verftet i klammeri med staten som meinte at Fosen Mek hadde tuska til seg for mykje i verftstøtte. Dermed held staten tilbake fleire ti-tals millionar i verftsstøtte som Fosen Mek meiner dei har krav på.
Kunne ha berga kreditorar

80 millionar kroner seier formannen i gjeldsnemnda Joar Grimsbu at det er, og det er pengar som hadde kome godt med for eit konkurstrua verft. - Det hadde ført til mindre tap for kreditorane, og meir handlingsrom til Fosen Mekaniske Verkstad til å byggja nye skip, og tena pengar pådet, seier formann i gjeldsnemnda Joar Grimsbu.
No har verftsstøtta til Fosen Mekaniske verkstad blitt ei politisk knallheit potet. Næringsminister Ansgar Gabrielsen frå Høgre har sagt at det ikkje kjem på tale å betala ut verftsstøtte før rettstvisten om støtta er avgjort. Men det kan føra til at verftet går konkurs. Så kan retten seinare koma til at staten heldt igjen støtte som verftet faktisk hadde krav på, og som kunne ha berga verftet frå konkurs.
Frp tar saka
- Dette vil FRP for alt i verda unngå, seier Carl I Hagen som tar opp spørsmålet i Stortinget fredag, den aller siste dagen før stortingsrepresentantane tar ferie. Han vil ha Stortinget med på eit vedtak som gjer at staten betalar ut verftsstøtta no, så får rettsapparatet seinare ta stilling til kor mykje verftsstøtte Fosen Mek har krav på.

Arbeidarpartiet kan vera med på å danna fleirtal for framlegget frå Framstegspartiet. - Men i første omgang ønskjer partiet å unngå at slike saker havnar i Stortinget, seier Olav Akselsen. Han skal bruka det siste døgnet før Stortingsferien, til å finna ei løysing for Fosen Mek.
- Anten greier me å koma til ein avtale med regjeringa, eller me kan koma til å røysta for Carl I Hagen sitt framlegg, seier Akselsen.