skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Samnorsken offisielt død

I eit vedtak som vart gjort i sist statsråd vart den såkalla tilnærmingsparagrafen i språklova fjerna. Tanken om samnorsk er dermed offisielt skrinlagt. av Egil Johan Ree

Publisert 18.06.2002 14:07.
Det var ein vakker tanke for mange ein gong i tida. Her sat vi i dette vesle landet og heldt oss med to språk, riksmål og landsmål, som dei ein gong heitte, bokmål og nynorsk som dei etter kvart vart heitande. Burde det ikkje vera nok med eit mål? spurde mange seg. Burde ein ikkje arbeida for å slå dei to målformene saman? Folkeminnegranskaren Moltke Moe var blant dei som tenkte slik, og alt i 1909 lanserte han ordet "samnorsk" i ein artikkel i tidsskriftet Samtiden. Lite ante han og meiningsbrørne hans kor mykje rabalder det skulle bli om dette ordet i det hundreåret vi nyleg har lagt bak oss.

I år etter år sloss politikarar, filologar og forfattarar om kva slag språk vi skulle ha og kven som skulle avgjera korleis det skulle skrivast. Den store karrikaturteiknaren Blix laga ein kommentar ein gong i åra etter den russiske revolusjonen. Vi ser trauste arbeidarar som slåss seg i mellom og ein utanforståande som spør korleis det går med revolusjonen i Noreg. Førebels slåss vi om korleis ordet skal stavast, er svaret.

Tilnærming på norsk folkemåls grunn, var stikkorda som kjendes som eit evangelium for somme og som ei krigserklæring for andre. Blant dei sistnemnde var sylskarpe forfattarar og debattantar som Arnulf Øverland, Sigurd Hoel og Andre Bjerke. Det kom ein foreldreaksjon mot samnorsk som samla inn over 400 000 underskrifter. Foreldre vart oppmoda til å stryka ut eller klistra over fæle ord med a-endingar, diftongar og liknande. Den norske forfatterforening vart delt i to på grunn av språkstriden. Som historikaren Berge Furre skriv, så hadde og aksjonen "ein anti-byråkratisk grunntone, ein kulturell reaksjon mot reguleringspolitikken etter krigen". I politikken var Høgre mot samnorsken, arbeidarrørsla og mellompartia såg derimot høgresida sitt syn som ein byelites krav om retten til å avgjera kva som var kultur og kulturspråk.

Men striden stilna etter kvart. I 1970 vart Norsk Språkråd oppretta. Det skulle framleis vera positivt til utviklingstendensar som på lang sikt kunne føra bokmål og nynorsk nærare saman, men i røynda var det slutt på den aktive tilnærminga. Dei siste 30 åra har det vore lite snakk om ordet samnorsk, og nå har altså departementet utan rabalder fjerna tilnærmingsparagrafen. Dødsattesten er utskriven for eit omgrep som har vore på sotteseng lenge. Gravferda har gått stille for seg. Det er visst ikkje så mange som sørgjer.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no