- Me drar til Oslo for å demonstrera mot ei meir rettferdig verd, ikkje for å slåst med politiet, seier ung demonstrant frå Trondheim.
Av
Ågot Opheim
Blir det Gøteborg om att når Verdsbanken skal ha møte i Oslo i slutten av juni? Demonstrantane satsar på tusenvis av folk i gatene.
Politiet ventar bråk og hentar inn politifolk frå resten av landet.
Forakt for Verdsbanken
 |
I fjor vart det bråk under Verdsbankmøte i Gøteborg. |
Demonstrantane vonar at tusenvis av menneske samlar seg i Oslogatene for å syna forakt for verdsbanken. - Me drar til Oslo for å demonstrera mot ei meir rettferdig verd, ikkje for å slåst med politiet, seier 23 år gamle Eirill Stølan Rogstad i Trondheim. Der står Internasjonale Sosialister, Attack, Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom og De Grønne saman om å mobilisera før det internasjonale møtet i Oslo. Dei satsar på å senda fleire busslaster med folk frå Trondheim for å demonstrera mot Verdsbanken i Oslo.
Fleire aldersgruppar
Eirill vonar dei blir mange nok til å fylla Oslo-gatene med demonstrantar. - For oss er det viktig å få mange folk i ulik alder og type til å delta. Det er beste måten å hindra at demonstrasjonane blir valdelege, seier Eirill.
 |
- Politiet framprovoserte valden i Gøteborg, påstår ung demonstrant (foto: arkiv). |
Førebudd
I månadsvis har ho vore med på førebuinga til demonstrasjonane i Oslo jonsokhelga. - Eg tar avstand frå alle bruk av finlandshetter og masker. Dei som ikkje er villig til å visa fjeset sitt, og stå for det dei gjer, kan like godt halda seg heime, seier ho. - Men det blir ikkje steinkasting eller annan vald dersom politiet ikkje provoserer, seier Eirill Stølan Rogstad.
Ho reagerer på at politiet no førebur seg på bråk frå demonstrantane. - Det var politiet som framprovoserte valden under EU-toppmøtet i Gøteborg, seier ho. - Det er ingen som har med seg brustein i bagasjen, og som planlegg å kasta stein. Det skjer dersom folk blir provosert av politiet, seier ho.