Kåseriet: Jakta på nyhendeDagsavisene gir oss nyhende kvar dag, difor var det mange som sakna dei under journaliststreiken. Men ikkje alltid er det like nytt det som står i avisene.
av Egil Johan Ree Publisert 18.06.2002 13:32. Avisstreiken er over, nå er det blitt nyhende i radio og TV igjen, stod det i Dagbladet i går. Det stod jamvel på leiarplass, nederst i den spalta på tredjesida der redaktørane gir uttrykk for kva dei meiner om det som rører seg i verda. Den vesle leiaren i går skulle vel vera eit lite spark til oss som brukar eteren til å formidla nytt til folket, ei helsing frå dei uunnværlege avisjournalistane til oss tafatte radio- og TV-folk som ikkje er i stand til å grava fram stoff sjølv, men er avhengige av det vi les i avisene kvar morgon. Nå kan vi omsider pusta ut, for nå er avisjournalistane tilbake på jobb, så nå kan det bli nyhende i radio og TV igjen!
Vi bukkar og takkar. Vi synest faktisk det er kjekt at avisstreiken er slutt, for vi vedgår gjerne at vi likar å lesa aviser. Vi sakna det lokale bladet som plar liggja ved sida av kaffikoppen på frukostbordet, vi sakna både Aftenposten og Dagbladet og dei andre avisene som gir oss lesestoff utetter dagen og kvelden. Mykje nytt finn vi der, og rett som det er tankevekkjande kommentarar. Dagen var ikkje den same under streiken.
Men så var det dette med at vi skulle vera avhengige av avisene for å skaffa nye saker til våre eigne media. Vi ser det store nyhendeoppslaget på framsida av Dagbladet i dag. Der står biletet av juryformanen i Orderud-saka. Nå snakkar han ut i Dagbladet! Han stiller spørsmål ved juryordninga fordi det som blir vedtatt der er hemmeleg. Norske juryar bør opnast slik at folk kan få innsyn i korleis jurymedlemene kjem fram til avgjerdene dei tar.
Vi les det som står i Dagbladet, og synest tydeleg at vi har sett det før. Og det har vi sjølvsagt. For halvanna veke sidan høyrde vi juryformannen i Dagsrevyen. Der fekk vi for første gong møta den seinare så omdiskuterte mannen som sådde tvil om viktige punkt i Orderud-saka. TV og radio følgde opp med diskusjonar og kommentarar om juryordninga. Og så i dag har omsider Dagbladet fått mannen til å snakka ut, og nyhenderedaktøren rettar lupa si mot juryordninga. Velkomen etter, kunne vi kanskje seia om det var så at vi ville vera spydige. Men vi kan godt la det vera. Denne gongen var det radio og TV som var først ute. Faktisk hender det vel rett som det er, så når det kjem til stykket er vi kanskje gjensidig avhengige av kvarandre. Og streik kan vi godt vera forutan.
|