skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Alle born kjem til Gud

Den omstridde presten Helge Hognestad meiner det går an å kome til himmelen utan å vere døypt. Dette er i klar strid med den rette læra, hevdar dei aller fleste av kyrkja sine menn.

Publisert 10.06.2002 15:17.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Den omstridde presten Helge Hognestad seier i Aftenposten i dag at du slett ikkje MÅ vera døypt for å koma til himmelen. Det er ikkje første gongen Hognestad trør utanfor den smale stien innan kyrkja. I 1984 sa han opp stillinga si som kappelan i Høvik i Bærum etter ein lengre strid fordi han som prest ikkje sjøl bekjente seg som truande. I 1998 søkte han igjen om å få koma tilbake som prest, og i dag vikarierer han periodevis som prest i Hamar bispedømme.

- Ein treng ikkje vere døypt for å komme til Gud, meiner Hognestad (foto: NRK)

Alle har del

Hognestad seier at alle menneske har "del i Guds rike", uansett om ein er døypt eller ikkje. Og Jesu oppstandelse er berre ei tolking av kva som skjedde for for snart 2000 år sidan. Og tidlegare i år har han sagt at kyrkja må slutta å forkynna om synd - slutta å fortelja at mennesket er skilt frå Gud.

I kyrkja si lære er det klart at mennesket blir Guds barn gjennom dåpen. Det er gjennom dåpen mennesket får del i frelsa og det evige livet.

"Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje - for Guds rike høyrer slike til", er ordlyden i Markus 10,14, og dette er viktig for Hognestad.

- Vegen går gjennom dåpen

Indremisjonen meiner derimot at vegen til Gud går gjennom døypefonten. Karl Johan Hallaråker, generalsekretær i Indremisjonsforbundet forstår difor ikkje at utspelet til Hognestad kan kombinerast med det å vere ordinert prest. - Dåpen er nødvendig for frelse. I Efeserbrevet 2,3 står det at mennesket av natur er vendt vekk frå Gud. Frelsa må meddelast frå Gud og dåpen er eit nådemiddel, påpeikar Hallaråker.

- Hognestad tolkar vekk det som står i bibelen. Skrifta er tydeleg og klar, seier han.

Av Håvard Kleppa




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no