skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Sjukehusoppgjeret:

Streik eller kveldstillegg

Sjukehustilsette i heile landet er klare for streik frå i morgon tidleg. Arbeidsgivarorganisasjonen NAVO har provosert dei tilsette med eit forslag om å fjerna kveldstillegget mellom klokka 17 og 21.

Av Aagot Opheim. Publisert 30.05.2002 16:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Me streikar for å behalda kveldstillegget, seier dei tilsette på sjukehusa. I kveld fylgjer tilsette på alle norske sjukehus spent med på siste nytt frå meklinga mellom arbeidsgivarorganisasjonen NAVO og fagorganisasjonane.

- Me har hatt kveldstillegg frå klokka 17 i alle dei 20 åra eg har arbeidd på sjukehuset, seier hovudtillitsvalt for kommuneforbundet på St Olavs Hospital, Sigmund Eidem. Han trur NAVO kjem til å gi seg på dette: - Men NAVO har overraska tidlegare i negativ lei, seier han. Kommuneforbundet er difor klar til å ta 150 tilsette ut i streik frå i morgon.

Helse og soasialforbundet tar ut nesten 2000 hjelpepleiarar i streik frå og med i morgon dersom ikkje partane blir samde i kveld. Dei streikar for høgare løn, og har lagt merke til at hjelpepleiarane som er tilsette i kommunane har fått ein lønnsauke på 20 000 kroner i året. Men også hjelpepleiarane har latt seg provosera av forslaget om å fjerna kveldstillegget. - Det er streikegrunn, seier hovudtillitsvalt Gunnveig Hallstadtrø.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no