skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Svekket tillit

Ein politikar ville vore politisk død med ein korrupsjonsdom mot seg, seier Stortingsrepresentant Odd Roger Enoksen. Derimot kan Kjell Inge Rkke truleg halda fram som næringslivsleiar trass i korrupsjonssaka.

Av Aagot Opheim. Publisert 27.05.2002 15:56. Oppdatert 27.05.2002 16:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

- Det svekkar tilliten til Kjell Inge Røkke at han er tiltalt for korrupsjon og falsk forklaring, seier stortingsrepresentant og senterpartileiar Odd Roger Enoksen. Fredag vart Røkke tiltalt for å ha betalt ein svensk sjøfartsinspektør for å skaffa seg eit båtførarbevis, og forklart seg falskt om det etterpå. - Ein politikar hadde nok ikkje overlevd ein slik tiltale, langt mindre ein dom, seier Enoksen.

Han reknar med at tilliten til alle som får ein slik dom mot seg, blir svekka. - Sidan politikarar er avhengige av tilliten frå velgjarane, ville nok ikkje eit politisk parti tatt sjansen på å nominera ein person med ein korrupsjonsdom på nakken, seier Enoksen.

Vil ikkje kommentere

Men i næringslivet er folk vanskelege å få i tale i dag. Me har prøvd å ringa mange av toppleiarane i dei største selskapa notert på Oslo Børs, men dei er knappe i kommentarane sine. Mange har unngått å svara, og mange har unnlate å ringa tilbake:

- Me reknar dette som ei sak mellom Kjell Inge Røkke og påtalemakta. Derfor vil me ikkje kommentera den, var beskjeden Her & Nå fekk frå informasjonsdirektøren i Norske Skog, Hanne K Aaberg. Ho nærmast lo vekk spørsmåla våre om kva dette seier om tilliten til norsk næringsliv, og seier det er ingen grunn til at konsernsjefen Jan Reinås skulle bruka tid på å svara på spørsmåla våre.

Heller ikkje informasjonsdirektøren i Norsk Hydro Tor Steinum, er interessert i å formidla kontakt med konsernsjefen Eivind Reiten.

- Norsk Hydro vil ikkje uttala seg no for å unngå å påverka tusenvis av norske arbeidsplassar med ei utsagn. Me får avventa kva retten kjem fram til, seier Steinum.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no