skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseri:

Sov med godt samvit i arbeidstida

Forskarar har nå funne ut at det kan vera bra å sova ei stund medan du er på arbeid. Den mentale innsatsen blir betre dersom ein blundar ein times tid.

Kåseri av Egil Johan Ree

Publisert 27.05.2002 14:20. Oppdatert 27.05.2002 14:33.
Vi har vel alltid hatt mistanke om at det er slik, men det har liksom ikkje vore god tone å nemna det. Nå slår amerikanske forskarar fast at det er bra å sova ei stund på jobben. Truleg må vi rekna med at krav om sovepausar blir ein del av komande forhandlingar om løn og arbeidstid.

Meir produktiv

Det har seg nemleg slik, har forskarane funne ut, at ein times lur i arbeidsdagen hjelper oss til halda ved lag den mentale innsatsen det er meininga vi skal yta på jobben. Dersom vi sluntrar unna denne kvilepausen, flyt det for mykje informasjon gjennom hjernen. Då går hjernecellene varme slik at ein mistar evna til å læra.

Dersom ein legg seg nedpå ein times tid, men ikkje meir enn det, så blir ein meir produktiv etterpå, meir konsentrert og i betre humør. Det er Nettavisen som melder dette i dag. Sveriges Radio siterer samtidig ei anna undersøking - eller kanskje det er den same? - som fortel om eit eksperiement med 120 studentar. Dei av studentane som kvilde ein time, hadde langt betre minne etterpå enn dei andre. Dei som let vera å kvila, hugsa berre halvparten så mykje som dei utkvilde.

Kva tid på dagen?

Sidan vi går ut frå at sjefane våre gjerne vil ha undersåttar utan oppheta hjerneceller, undersåttar som er meir produktive, meir konsentrerte og i betre humør, så reknar vi med at vi kan gå i gang med å praktisera med det same. Spørsmålet er kva tid på dagen vi skal ta sovepausen. Sjølv kunne vi godt tenkt oss ein time etter matøkta, men andre vil kanskje starta dagen med ein høneblund. Den siste timen av arbeidsdagen er kanskje ikkje å tilrå. Ein kunne risikera å sova for lenge og dermed koma for seint heim til middag. Men slike detaljar får kvar einskild finna ut av.

Faren er at arbeidsgivarane ikkje utan vidare godtar forskingsrapporten og dermed ikkje investerer i sovesofa på kontoret vårt. Somme sjefar har vel lenge vore av den meining at altfor mange av oss sløvar og søv for mykje på jobben slik det er. Nå bør dei likevel tenkja seg om. Forskingsrapportar bør dei ta på alvor. Det gjer i alle fall vi, i det minste til det er påvist at ikkje denne rapporten kjem frå dei same kjeldene som rapporten i førre veka om kor helsesamt det var å studera frodige kvinnebryst. Den var visst dessverre berre oppspinn.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no