Kåseri: Ingen "nytelse" i GrimstadI Grimstad skal dei i sommar arrangera det dei kallar ein "Nytelsesfestival". Varaordføraren og fleire andre har protestert mot namnet på festivalen. Dei likar ikke ordet "nytelse".
av Egil Johan Ree Publisert 23.05.2002 14:47. Folk frå alle kantar av landet reiser til Sørlandet om sommaren for å nyta solskin og svaberg, makrell og rabarbrasuppe og alt det ein elles kan nyta i denne trivelege landsdelen. Nå har tiltaksivrige folk i Grimstad funne på at dei skal laga ein festival for å setja ein ekstra spiss på sommaren. I våre dagar må alle byar med respekt for seg sjølv ha ein festival. Dei frimodige arrangørane i Grimstad har sett namnet "Nytelsesfestivalen" på arrangementet. Slikt gjer ein ikkje ustraffa i bedehusbeltet.
Agderposten melder at varaordføraren saman med 23 andre borgarar av byen har sendt brev til arrangørane av nytingsfestivalen med bøn om at dei endrar namnet. Festival vil dei gjerne ha, men dei likar ikkje ordet "nytelse", skriv dei. Det er eit ord som er negativt lada for mange, det kan koplast til omgrep som sjølvtilfredsstilling og egoisme. Den slags vil dei helst ikkje høyra om på Sørlandet.
Nå er det ting som tyder på at det er visse detaljar ved festivalarrangementet som særleg opptar dei nytingskritiske brevskrivarane. Arrangørane, blant dei den ikkje ukjende transvestitt-legen Esben Esther Pirelli Benestad, har nemleg planar om å laga eit såkalla "erotikktorg" som ein del av festivalen. På dette torget skal det synast fram ting som har med erotikk og nyting å gjera.
Som vi alle kjenner til frå mytane om det mørke fastlandet, har dei eit litt nervøst forhold til erotikk på Sørlandet. Dei veit at det eksisterer, men vil helst ikkje ha noko snakk om det. Visse innslag i festivalen kan synast noko spekulative, seier varaordføraren i Grimstad, men ho vil helst ikkje gå djupare inn i den saka. Kvar og ein får gjera seg opp si eiga meining, seier ho.
Arrangørane strekar på si side sterkt under at dette erotikktorget berre er ein ganske liten del av festivalen. Å skifta ut namnet "Nytelsesfestivalen" kjem ikkje på tale, seier talsmannen for arrangementet, som er opptatt av at vi skal nyta både sol og varme, samvær med andre, god mat og mykje anna. Det er snakk om nyting som eit positivt omgrep, seier talsmannen, som med brevet frå dei 24 i alle fall har fått god ekstrareklame for festivalen.
|