skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Dyster framtid for landet

Om 30 år kjem dei fleste nordmenn til å klumpa seg saman i storbyar. Vi får kraftige stormar, svære snøfall og øydeleggjande ras. Dette går fram av ein forskarraport om korleis framtida blir her i landet.

Kåseri v. Egil Johan Ree

Publisert 16.05.2002 15:30.
Det ser ikkje lyst ut for dei som framleis lever om 30 år eller så. Forskarane som Dagbladet viser til i dag, spår storm og uver, store snøfall og mykje skodde. Forskarane reknar nemleg med at klimaet blir mildare og villare. Etter kvart blir det visst nokså uleveleg langs kysten, og i Nord-Noreg blir det verst. Folk nordpå kjem ikkje til å halda ut lenger. Dei flyttar sørover og klumpar seg saman i byane. I alt kjem om lag 90 prosent av alle nordmenn til å bu i byar om 30 år, meiner forskarane. Oslo kjem til å få flest innflyttarar, men Stavanger blir visst nok og ein attraktiv by for flyktningane frå nord.

På bygdene og langs kysten blir det altså berre 10 prosent av folket som kjem til å vera att. Desse stabukkane skal vel då driva fiske og jordbruk, i alle fall fiske, for det er ikkje sikkert at det lønar seg å driva jordbruk her i landet lenger. Alt i dag er det dei som meiner at vi bør leggja ned norske gardsbruk og kjøpa maten vår i utlandet. Men nokre fiskarar går vi ut frå at vi må ha, for om vi har forstått det rett, er fisk blant dei varene vi skal leva av når olja og gassen minkar. Det blir sjølvsagt stussleg for dei stakkars fiskarane nordpå som sit att utan naboar, men dei greier seg vel, for det må vera hardføre folk som skal våga å gå på havet i all den storm og styggedom som forskarane meiner vi skal få.

Ein og annan turistvert kan det vel og bli att nordpå, for om vi skal tru rapporten, blir det smått med skiføre her sør. Dei som plent vil gå på ski, må på dei høgaste fjelltoppane eller lengst nord i landet. Der risikerer dei då veldige snøfall, harde snøstormar og mange ras, så det er ikkje sikkert at skisporten held seg som nasjonalsport.

Det milde klimaet vi skal få, må ikkje få nokon til å tru at det blir meir sol i landet. Varmare blir det nok, men på Sør- og Austlandet blir det mildt, grått og fuktig, om lag slik dei har det på dei britiske øyane i dag. Det kjem til å påverka folk psykisk, seier ein biologiprofessor til Dagbladet. Det er såleis fare for at vi blir eit endå meir tungsindig folk enn i dag.

Men ingenting av dette kjem til å henda dersom Golfstraumen legg om kursen slik somme forskarar fryktar. Skjer det, blir det Grønlands-klima her i landet. Då får vi berre vona at Spania og andre meir tempererte land sørpå ikkje har altfor strenge innvandringslover.

Siste saker:

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no