skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Nordmenn reiser til Russland:

Staten vil ikkje betale for avrusing

Nordmenn reiser til vodkaens heimland, Russland, for avrusing. Norske styresmakter bør betale for opphaldet for alkoholikarar som ikkje får hjelp ved norske avrusingsklinikkar, meiner lækjar.

Bør staten betale avrusing for nordmenn i utlandet?

Publisert 14.05.2002 14:12.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Av: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Avrusing av nordmenn har vorte "big buisness" i Russland. Gjennom hypnose, akupunktur og kjemisk reinsing vart 41 år gamle Arve Fjellhaug frå Steinkjer rusfri. I tjue år har han kjempa mot alkoholen,- no er han rusfri takka vere ein avrusingsklinikk i Murmansk. Men norske styresmakter vil ikkje betale.

Arve Fjellhaug blir behandla i Murmansk (foto: NRK).

Hypnose

" Stop alkohol" kviskrar hypnotisøren. Han har svinga med ein blank stålpendel og 41 år gamle Arve Fjellhaug frå Steinkjer er ikkje anna enn fysisk til stades i rommet no.

Arve Fjellhaug har ironisk nok kome hit, til vodkaen sitt heimland, for å starte eit nytt liv utan alkohol. i eit hjørnet står ein liten kassettspelar som spelar roleg musikk. Arve sit bakoverlent i ein kvit plaststol, gardinene er trukke for. Augene er attlatne. psykoterapeuten og hypnotisøren gjer rørsler over ansiktet hans.

Ingen trylleformel

Psykoterapeut Valeri Mirontchenko har spesaliser seg på å fri alkoholikarar frå flaska sitt famntak. No har nordmenn oppdaga klinikken hans.

- Det er ikkje nokon magisk trylleformel som skal til for å verte kvitt avhengigheita til alkohol, seier Valeri Mirontchenko.

Klinikken i Murmansk handsamar fleire hundre russarar kvart år og er godkjend av russiske styresmakter. Dei norske pasientane betalar omlag 10 000 kroner for ei vekes opphald, tretti prosent over kva ein russisk pasient betalar.

Pasientane får reinsa kroppen kjemisk. I tillegg til kjemiske midlar brukar klinikken energetisk handsaming og hypnose.

- Det er det psykiske som er det viktige. Ein må tru på resultat, seier Mirontchenko. Han fortel at nærare åtti prosent av pasientane vert alkoholfrie. Resten sprekk.

- Bør revurderast

Arve Fjellhaug har prøvd å verte tørrlagd i Noreg, men har sprukke etter opphald på norske institusjonar. Han har misbrukt alkohol i tjue år og orkar ikkje meir. Men norske styresmakter orkar ikkje betale.

Kommunelækjar Bache meiner norske styresmakter bør betale for avrusing (foto: NRK).
Fjellhaug har fått avslag både på søknaden om nytt opphald på norsk institusjon, og om å få dekt utgiftene til Murmansk-opphaldet. Arbeidsgjevaren hans har difor betalt omlag tjue tusen kroner. Arve Fjellhaug er no tilbake på jobb som bilmekanikar.

Kommunelækjar i Steinkjer, Bjørn Ole Bache tvilar på at pasienten ville ha vore rusfri utan opphaldet i Russland.
- Han var nedkjørt, nervane låg tett utanpå han. Eg synest det er leit at han ikkje får dekt dette. Opphaldet har gitt synlege resultat, seier Bache.

- Norske styresmakter bør vurdere ein gong til om slike pasientar skal få dekt utgiftene til avrusing, seier Bjørn Ole Bache.


LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no