skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Ny nasjonalsong?

Norske forfattarar er misnøgde med nasjonalsongen "Ja, vi elsker-". Nå skal det lysast ut konkurranse om ein ny nasjonalsong.

Kåseri av Egil Johan Ree

Publisert 13.05.2002 14:29.
Om nokre dagar skal "Ja, vi elsker" på nytt ljoma over landet. Skolebarn prøver å læra teksten utanåt, korpsmusikantar leitar fram dei gamle notane, P 3 går truleg i CD-arkivet etter nyversjonen med Ole Paus. Men i diktarkrinsar har dei fått det for seg at det nå er på tide å få ein ny nasjonalsong. Den gamle teksten til Bjørnstjerne Bjørnson har overlevd seg sjølv, meiner dei visst. Han er pompøs og gamaldags nasjonalistisk, seier dagens diktarar. Nå skal dei tevla om å skriva ein ny nasjonalsong.

Skjønar ikkje

Somme vil kanskje synast at det er ein god idé. Nå har vi terpa på den gamle i snart 150 år, og det er temmeleg lenge i vår bruk og kast-tid. Dessutan er sjølvsagt teksten gamaldags og ikkje alltid lett å forstå. "-den saganatt som senker drømme på vår jord", for eksempel. Kva tyder nå eigentleg det? Kven var denne Øyvind som kvad? kan ein spørja om ein ikkje følgde ekstra godt med i historietimane. Og så desse kvinnene som "stod opp og strede, som de vare menn, andre kunne bare grede, men det kom igjen". Kor mange av dagens skolebarn forstår orda "strede" og "grede" , - og kva var det som "kom igjen"? Kva var det eigentleg som hende "ned på Fredrikshald" som Bjørnson meiner vi bør hugsa? Mang ein stakkars elev har grunna på slike spørsmål. Mange har pugga teksten og lært han utanåt, i alle fall eit par vers, utan å skjøna så mykje av innhaldet.

Pompøs

Og så er han sjølvsagt litt pompøs! Vi elskar og elskar dette landet heile tre gonger i første vers og ein gong i det siste. Olav måla krossen med blodet sitt, Sverre tala Roma midt imot, Tordenskiold lynte langs kysten. Vi har vore gjennom fæle tider, men vi fekk krefter til å bera hungersnaud og krig slik at vi til slutt fekk retten vår - med Guds hjelp, sjølvsagt. Det er ikkje småtteri! Bjørnstjerne Bjørnson var ikkje den som sparde på orda og effektane, og så måtte han vera litt oppfinnsam her og der for å få det til rima.

Melodien som Rikard Nordraak laga er storslagen, den og, og står for så vidt godt til teksten. Slik skulle det vera i den unge, fattige nasjonen som berre nokre få tiår tidlegare hadde fått si eiga grunnlov.

Ikkje folkekrav

For så vidt kan ein skjøna at somme synest det blir vel mykje av det gode, og at det moderne Noreg kunne trengja ein ny nasjonalhymne. Men vi tvilar på om dei ivrige samtidsdiktarane får gjennomslag. Vi er liksom blitt vane med den gamle songen og har ikkje registrert noko folkekrav om å få ein ny. Vi tippar at "Ja, vi elsker" kjem til å halda seg ei god stund til.









 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no