skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Skjønar ikkje nynorsk

Senter mot etnisk diskriminering reagerer på at den nye lova mot etnisk diskriminering skal skrivast på nynorsk. Innvandrarane lærer berre bokmål på språkkursa dei går på og kan difor ikkje skjøna den nye lova, heiter det.

Kåseri av Egil Johan Ree

Publisert 10.05.2002 14:59.
Det er ikkje lett å vera innvandrar her i landet, det høyrer vi om nesten dagleg. Ikkje får dei jobbar, i alle fall ikkje jobbar dei er kvalifiserte for, ikkje vil vi ha dei som leigebuarar. Nå skal vi attpå til plaga dei med nynorsk. I VG i dag står leiaren for Senter mot etnisk diskriminering Manuela Ramin-Osmundsen fram med eit drabeleg åtak på den nye lova mot etnisk diskriminering som snart skal koma. Ramin-Osmundsen har høyrt at lova skal skrivast på nynorsk. Dette er skandaløst, seier ho. Lova rettar seg mot ei gruppe som det er viktig å kommunisera godt med, og då er bokmål den einaste vegen til målet. Kor mange personar med minoritetsbakgrunn snakkar nynorsk? spør Ramin-Osmundsen, som vegår at ikkje ein gong ho veit korleis ho skal skriva "negativ forskjellsbehandling" på nynorsk.

Vanskeleg for etniske nordmenn

Før i tida var det etniske nordmenn, gjerne frå byane, som hevda at dei ikkje skjøna nynorsk. Folk i radioen og fjernsynet som snakka "grautmålet" fekk sinte brev i posten med beskjed om å koma seg heim til Vestlandet. Sidan har det roa seg mykje. Det kjem ikkje særleg med brev lenger, så vi nynorskfolk har nesten tatt til å tru at folk i byane kanskje er blitt vane med målet og jamvel skjønar kva vi seier. Men innvandrarane har vi visst ikkje tenkt på.

Det har altså ikkje Stortinger heller som skal ha bestemt at den nye lova om etnisk diskriminering skal skrivast på nynorsk. Det er nemleg slik at 25 prosent av alle lovtekstar skal skrivast på nynorsk. Også det har Stortinger bestemt. Ingen kan ha tenkt på kva problem dette er for innvandrarane som skal bli lovlydige borgarar i eit land der 25 prosent av lovene er uforståelege for dei. Og kva med dei av våre nye landsmenn som måtte hamna i nynorskkommunar der styresmaktene sender ut brev på nynorsk og folk snakkar alle slag underlege dialektar? Kva med dei som må skru av Dagsrevyen fordi Ingolf Håkon Teigene og Arnhild Myklebust Eggen er på skjermen?

Nei, innvandrarane har det ikkje lett i dette landet som held seg med to språkvariantar. Senter mot etnisk diskriminering bør kanskje hjelpa til med ei omsetting for dei som plent vil lesa den nye lova. Til orientering for Ramin-Osmundsen kan vi då opplysa at det ikkje er nokon ting i vegen for å skriva "negativ forskjellsbehandling" på nynorsk.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no