skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Fotballdomarar let seg påverka

Dei avgjerdene ein fotballdomar tar på banen, er i stor grad påverka av publikum. Dette gir heimelaga ein klar fordel, heiter det i ein vitskapleg rapport som er laga i England.

Kåseri av Egil Johan Ree

Publisert 09.05.2002 13:20. Oppdatert 09.05.2002 14:42.
Også Pierluigi Collina, rekna som verdas beste domar, kan gjere feil.
Vitskapen gjer stadig nye framsteg. Flittige forskarar gir oss ny kunnskap og større innsikt. Stundom legg dei fram resultat som stadfester mistankar vi lenge har hatt. Dette er tilfelle med den vitskaplege rapporten som nyleg er blitt presentert i det prestisjetunge tidsskriftet New Scientist.

Ikkje ufeilbarlege

Forskaren Alan Nevill ved Universitetet i Wolverhampton har nå vitskapleg påvist at fotballdomarar ikkje er ufeilbarlege. Dei som måtte ha levd i den tru at domarane på fotballbanar er upartiske ekspertar som aldri lar seg påverka av noko som helst, må nå tru om att.

Forskaren tromma saman to grupper med domarar og synte fram TV-bilete av 47 taklingar frå den engelske eliteserien. Domarane fekk i oppdrag å avgjera om taklingane var ulovlege eller ikkje. Den første gruppa fekk sjå bileta utan lyd, den andre med lyd. Ingen fekk vita kva kampdomaren gjorde i kvart einskild tilfelle.

Resultatet var at domargruppa som såg bileta med lyd dømde 15 prosent færre frispark mot heimelaget. Dette var svært likt det domarane på banen faktisk hadde gjort.

David Elleray gjer raudt kort. Lot han seg påverka av heimefansen?

Lar seg påverka

Ut frå dette drar forskaren den konklusjon at domarar lar seg påverka av publikum. For å sleppa å få piping og protestar mot seg, lar dei spelet gå vidare utan å blåsa i fløyta. Forskaren er såleis blitt overtydd om at det er ein fordel for eit fotballag å spela på heimebane. Dette går då også fram av dei faktiske resultata i den engelske eliteserien. Der er det nesten dobbelt så mange heimesigrar som bortesigrar.

Og som om ikkje dette skulle vera nok til å overtyda eventuelle skeptikarar, så kan forskaren visa til andre teoriar som byggjer opp om hans eigen konklusjon. Dei som spelar på heimebane, slepp ulempene ved å reisa. Dessutan har dei inngåande kjennskap til sin eigen bane. Og ein annen forskar har påvist at spelarar har høgare testosteronnivå når dei spelar heime enn når dei spelar borte.

Som vi skjønar har vi mykje å takka vitskapen for. Vi må stadig vera glade for at forskarar er villige til å bruka tid og pengar på å finna ut kva som verkeleg går for seg i verda. Nå har vi omsider fått vitskapleg stadfest mistankane vi har hatt om at domarar ikkje er ufeilbarlege. Likeeins at det er ein fordel for eit fotballag å spela på heimebane. Nå treng vi ikkje grubla på dette viktige problemet lenger. Vi skal ha augo ekstra opne framfor skjermen når Rosenborg i kveld spelar heime mot Molde.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no