For sjukehusa er det praktisk og billigare med mange folk å ta av når dei skal fylla vaktlistene, viser ei ny undersøkjing frå St. Olavs Hospital i Trondheim. Der er 70 prosent av sjukepleiarane i deltidsstillingar. Det viser undersøkjinga som forskar Synnøve Hitland på Høgskolen i Sør Trøndelag har gjort.
Likestillingsproblem
Og det er grunn til å tru at det er like mange deltidsstillingar på andre sjukehus også, meiner Hitland.
- Dette gjer at sjukepleiarar ikkje blir i stand til å forsørgja seg sjølve, og det er eit likestillingsproblem seier ho.
På sjukehuset i Trondheim er det nesten uråd for nyutdanna sjukepleiarar å få full stilling. På avdelingane er det venteliste med unge sjukepleiarar som gjerne vil jobba meir.
Uråd å få lån
Marianne Pettersen er sjukepleiar på medisinsk avdeling på St. Olavs Hospital. Det er eit år sidan ho var ferdig med utdanninga, og står no øverst på ventelista for full jobb på si avdeling. I dag arbeider ho 65 prosent på medisinsk avdeling, og tar ekstravakter andre stader for å få det til å gå rundt økonomisk.
- Men dette betyr at eg ikkje kan etablera meg med eige husvære, seier Marianne Pettersen. -Ingen vil gi lov til ein person med ei fast løn på berre 65 prosent av ei vanleg sjukepleiarinntekt, seier ho.
Sjefssjukepleiar Ragnhild Brå Vardehaug på St. Olavs Hospital seier ho ønskjer å få slutt på alle deltidsstillingane. Men det er vaktlister og økonomi som er årsaka til alle deltidsstillingane, seier ho. To personar som deler ein stilling kan arbeida to av tre helger, medan ein person i ein stilling berre kan arbeida ei helg. Ho veit ikkje korleis sjukehuset skal få fyllt vaktlistene i helgene dersom deltidsstillingane blir gjort om til heile stillingar.