Sex og fotball i EnglandDet dramatiske valet i Frankrike har vore førstesideoppslag i det meste av europeisk presse dei siste par dagane. Men i England har avisene vore minst like opptatt av ei historie om den svenske trenaren for det engelske landslaget i
fotball.
av Egil Johan Ree Publisert 23.04.2002 14:22. Det gjeld å halda orden på kva som er viktig her i livet. Her i utkanten av verda og elles i Europa har vi vore opptatt av valet i Frankrike, bråket i Israel og slikt, men i England handlar det nå som før om fotball. Ikkje berre i den meir tabloide delen av pressa, men også i seriøse aviser og det i gamle, sedate kringkastingsselskapet BBC.
Ikkje før hadde engelskmennene kome seg så nokolunde til hektene etter dramatikken kring fotballspelaren David Beckhams venstre fot, så fekk dei historia om svensken Sven-Göran Eriksson. For dei som ikkje måtte vita kven Sven-Göran Eriksson er, kan vi opplysa at han altså er trenar for det engelske landslaget. Han er ikkje i slekt med dei som lagar mobiltelefonar, men han er i like hardt ver nå om dagen.
Til denne tid er Eriksson blitt hylla som helt fordi han har fått skikk på det engelske landslaget. Privatlivet hans er det ingen som har brydd seg med, men så har det dukka opp rykte om at han har noko på gang med ei dame som heiter Ulrika Jonsson. Ho er også svensk. Ho bur i London og er etter det vi forstår ein slags TV-kjendis med turbulent privatliv. Nå skulle ein kanskje tru at det var Erikssons private sak å ha ting på gang med kven som helst så lenge han ikkje er på jobb, men sidan han til dagleg er sambuar med ei italiensk dame, har journalistane funne grunn til å slå saka opp på førstesidene. Engelske fotballtrenarar bør halda seg til damene dei bur saman med, meiner visst engelsk presse. Alt anna vitnar om sviktande dømmekraft. Eit viktig spørsmål har faktisk vore om Eriksson etter dette er skikka til å leia landslaget, som snart skal til VM i fotball.
Kor mykje kokelimonke Eriksson har hatt med frk. Jonsson, er det heller vanskeleg å få tak i, og trenaren sjølv vil ikkje seia eit ord om saka. Han har den gamaldagse oppfatning at privatlivet er hans eiga sak. Han har heller ikkje tenkt å trekkja seg som landslagstrenar, seier han. Det har visst pressa nå slått seg til ro med, men journalistane sit framleis vakt framfor huset hans i von om å få vita meir om Erikssons privatliv. Det er ikkje sikkert dei får det, men dei blir nok sitjande til det dukkar opp ein ny kjendis med interessant privatliv.
|