skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Pasientforvirring

Sjukehusreforma har ført til så mangt, også til språkforvirring. I Trondheim, der dei skal byggja nytt sjukehus, prøver dei nå å rydda opp i forvirringa.
av Egil Johan Ree

Publisert 19.04.2002 10:31.
"Helsebygg Midt-Norge" heiter organisasjonen som skal planleggja og byggja nytt sjukehus i Trondheim. Ikkje berre skal Helsebygg Midt-Norge ta seg av alle dei praktiske vanskane med det nye sjukehuset, nå viser det seg at dei også må ordna opp i filologiske problem. Forvirringa som har oppstått gjeld ordet "brukar".

Mange har visst levd i den falske tru at ordet brukar har vore nemning for folk som brukar ein bygning, altså dei tilsette - i dette tilfellet legar og sjukepleiarar og liknande. Men slik er det ikkje. I eit rundskriv frå Helsebygg Midt-Norge får vi vita at det er byggebransjen som har levd i denne trua og som difor har skapt forvirring.

Pasientorganisasjonane har nemleg meldt seg med krav på opphavsrett til ordet brukar og dermed også eigarskap. I rundskrivet får vi vita at det var overraskande for pasientorganisasjonane å møta ein kultur der ordet brukar har ei langt vidare tyding. Det er pasientane som er brukarar, ikkje dei tilsette, hevdar pasientorganisasjonane, som nå kanskje bør skifta namn til brukarorganisasjonane.

Kva fililogane måtte meina om organisasjonar som hevdar at dei har opphavsrett og eigarskap til eit ord som elles er i vanleg bruk, veit vi ikkje, men Helsebygg Midt-Norge har i alle fall bøygd seg for organsiasjonane slik at det ikkje lenger skal bli forvirring i planlegginga av byggefase 1 av det nye sjukehuset. Ein kunne kanskje risikert at planleggjarane bygde sengepostar for sjukepleiarane og gløymde pasientane - orsak brukarane.

Helsebygg Midt-Norge har difor laga ei ordliste der det ein gong for alle blir slått fast kva som skal gjelda i framtida. Pasient skal nå heita brukar, men "ansatt" skal framleis heita "ansatt". "Primærhelsetjenestemedvirkning" skal framleis heita "primærhelsetjenestemedvirkning", men "pasientmedvirkning" skal nå vera "brukermedvirkning". Av ein eller annan grunn skal Pasientorganisasjonenes Fellesforum få lov til å heita det same, men det som før heitte "Brukerorganisasjonene" skal nå vera "Driftsorganisasjonene".

Vi får vona at den nye ordlista greier å skapa orden i forvirringa slik at Helsebygg Midt-Norge etter kvart får tid til å ta seg av bygginga av det nye sjukehuset. Elles kan det gå ut over dei stakkarane som vi uvitande har gått rundt og kalla pasientar.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no