skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Snart gratis mat?

Matvareprisane er lågare i Sverige enn i Noreg, men nordmennene har visst ikkje grunn til å klaga likevel. Svenskane må nemleg jobba mykje meir enn oss for å betala for maten.

av Egil Johan Ree

Publisert 15.04.2002 14:46.
Statistikk kan brukast til så mangt. I dag er det Norsk Landbrukssamvirke som vil fortelja oss at vi strengt tatt ikkje har nokon grunn til å klaga på matvareprisane. Det har seg nemleg slik at ein gjennomsnitts nordmann må jobba to timar og 17 minutt for å tena til den maten han treng i ei veke. Svenskane må jobba 20 minutt meir for å kjøpa den same handlekorga - jamvel om maten er 20 til 30 prosent billegare i Sverige enn her. Eigentleg er det visst berre danskane og tyskarane som arbeider mindre for maten enn vi gjer.

Det har seg nemleg slik at vi i gjennomsnitt tener så godt her i landet. Skal vi tru undersøkinga som Landbrukssamvirke har gjort, tener vi 45 prosent meir enn svenskane. I lang tid har vi gitt oss sjølv gode lønstillegg samtidig som matvareprisane ikkje har stige noko særleg, fortel meldinga frå Norsk Landbrukssamvirke.

Nå seier ikkje meldinga i dag noko om kva slag type denne gjennomsnittsnordmannen er, men vi går ut frå at Kjell Inge Røkke og dei andre rikingane er med i utrekninga. Då er det vel ein god del i den andre enden av skalaen som kanskje må jobba langt meir enn to timar og 17 minutt for å berga livet ei veke. Ein skal ikkje sjå bort frå at det er ein del av desse som trassar landbruksminister Sponheim og drar på Harry-tur over grensa for å kjøpa mat hos svenskane.

Elles viser statistikken at vi for ti år sidan måtte jobba ein time og 19 minutt meir enn i år for å handla mat for ei veke. Og i år jobbar vi eit kvarter mindre enn i fjor for å kjøpa same matkvantum. Det går med andre ord rette vegen heile tida. Kjell Aukrust tok i si tid utgangspunkt i at gjennomsnittshøgda på rekruttane stadig auka. Norske soldatar vart stadig høgare. Aukrust rekna seg då bakover i tida og kom til at vikingane som sloss på Stiklestad ikkje var stort høgare enn graset på slagmarka.

Brukar vi same reknemåten på matvareprisen, kjem vi til at om ein ti års tid slepp vi å jobba for maten her i landet. Vi går ut frå at dette kjem som eit sterkt argument frå bøndene si side når dei skal møta staten til nye tingingar om overføringar og slikt. Statistikk kan som sagt brukast til det meste


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no