skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Organisert kampanje:

Sjukepleiarar sluttar

Østmarka psykiatriske sjukehus
Østmarka psykiatriske sjukehus
I Trondheim er det ein organisert kampanje i gang for å få sjukepleiarar til å seia opp jobben sin. Målet er å ramma sjukehusa ved å tøma heile sjukehusavdelingar for fagfolk. Slik håpar sjukepleiarane på betre løn.



Av Aagot Opheim. Publisert 10.04.2002 15:36. Oppdatert 10.04.2002 15:53.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Arild Carlsen er spesialsjukepleiar på Sør Trøndelag psykiatriske sjukehus. Måndag sa han opp jobben sin. Etter det har han tatt seg fri for å organisera ein kampanje der målet er å få flest mogleg sjukepelaiarar til å seia opp jobbane sine.

Slik håpar dei å tøma den eine avdelinga etter den andre på sjukehusa. Då må sjukehusa gå til vikarbyrå for å få tak i sjukepleiarar, og slik håpar Arild Carlsen at resultatet blir høgare løn for dei som er tilsett på sjukehusa.

- Me er villige til kva som helst forå få betre løn, seier Arild Carlsen. Og kva som helst, det er å seia opp jobbane sine, og til dømes få seg jobb i vikarbyrå. For Arild Carlsen vil det bety ein lønnsauke på over 100 000 kroner i året. Og så kan vikarbyrået leiga han ut til eit sjukehus som manglar tilsette. Skilnaden for sjukehuset blir berre at prisen for Arild Carlsen blir nesten dobbelt så høg.

- Målet er eit godt offentleg helsevesen, seier Carlsen, men no vil han ha mange med seg for å ramma det same helsevesenet. I kveld skal han ha møte med 10-15 andre sjukepleiarar i Trondheim. Målet er å få dei også til å seia opp.

Han reknar med at aksjonen også spreier seg til Haukeland sjukehus i Bergen. Der reknar han med at dei første oppseiingane kjem neste veke.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no