skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Flyreiser med spelegalskap

Snart kan du kanskje reisa gratis med flyselskapet RyanAir. Selskapet planlegg å finansiera transporten ved hjelp av speleautomatar om bord på flya.

av Egil Johan Ree

Publisert 10.04.2002 14:13.
Bagasje bør du helst ikkje ha med deg og mat får du ikkje om bord, men kredittkort og velfylt konto i banken kan vera ein fordel om du i framtida ønskjer å reisa med flyselskapet RyanAir. Leiinga der har sett seg i hovudet at det skal vera billeg å fly. Det er det visst alt i dag om ein skal tru på annonsane. Men dei som har prøvd, har blanda røynsler med turen. Servicen er minimal eller ikkje-eksisterande. Skal du mellomlanda og byta fly for å koma dit du skal, må du sjølv dra på koffertane frå skranke til skranke. Det kan vera tungvint nok om du til dømes kjem frå Noreg til ein utanlandsterminal på ein flyplass ved London og skal vidare frå ein innanlandsterminal.

Den oppfinnsame leiinga har nå altså funne ut at det skal gå an å reisa med flya deira utan å betala ei krone for billetten. Dei satsar på spelegalskapen hos dei framtidige passasjerane. Du stig om bord i flyet, set deg ned og tar fram kredittkortet. På speleautomaten framfor deg skal du så leggja att så mykje pengar at flyselskapet får dekt kostnadene ved å transportera deg. RyanAir planlegg å bli eit slag Las Vegas i lufta, seier sjefen til ei skotsk avis. I beste fall kan du då tena pengar på å ta ein tur med flyselskapet. I verste fall - truleg i dei aller fleste tilfelle - taper du pengar. Kanskje til og med meir enn det ein billett ville ha kosta, men den sjansen må ein altså ta. På den andre sida kan det bli ein billeg tur dersom du greier å motstå lysta til å bruka speleautomatane. Vi går ut frå at det ikkje er snakk om obligatorisk gambling.

Det høyrest jo lovande ut, men det kan bli dyrt likevel. Og bagasje bør du ikkje ha. RyanAir ser helst at du reiser utan. På den måten kan flyselskapet kvitta seg med innsjekkingsskranker, bagasjeekspeditørar og liknande heft som rett nok kostar pengar, men som til vanleg gjer livet lettare for den som reiser. Skulle du likevel ha bruk for å ta med deg ein koffert på reisa, må du betala for han. Og så må du ikkje gløyma at RyanAir brukar flyplassar som ligg temmeleg langt frå den byen du skal til. Kjem du frå utlandet og skal til f.eks. Oslo, landar du Sandefjord.

Men - for folk som ikkje lid av spelegalskap, kan sjølvsagt det irske selskapet bli eit alternativ. Kanskje og noko å tenkja på for frustrerte folk i Troms som nå må reisa om Gardermoen og betala 12 000 kroner for å koma til Bodø.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no