Er det kvinnediskriminerande når kommunar teiknar pensjonsforsikring i private selskap? Det meiner LO som har gått til rettsak mot 11 norske kommunar fordi dei melde seg ut av Kommunal Landspensjonskasse.

Vikna Kommune i Nord Trøndelag er ein av 11 saksøkte kommunar. Alle desse kommunane melde seg ut av Kommunal Landspensjonskasse (KLP) frå 1.januar 1999. I tre år har til dømes Vikna Kommune pensjonsforsikra sine tilsette i eit privat selskap.
- Dette er me godt nøgde med, seier rådmann Roy Ottesen i Vikna. Kommunen har på tre år tent 4,2 millionar kroner i aksjeutbytte på plasseringa av pensjonspengane i eit privat forsikringsselskap. Samtidig unngår kommunen ekstrarekningar frå KLP på slutten av året. I fjor tapte KLP på sine aksjekjøp, og Vikna kommune hadde måtta betala 1,9 kroner ekstra som ein av eigarane i KLP. Og pensjonspremien er på fem til seks millionar kroner i året no som før.
Torsdag opna arbeidsretten med LO som saksøkjar, og 11 kommunar og Kommunenes sentralforbund på tiltalebenken. Spørsmålet er om det rammar kvinner og eldre arbeidstakarar når kommunane går ut av Kommunal Landspensjonskasse - eigd av kommunane sjølve, og i staden teiknar pensjonsforsikringar for sine tilsette i private selskap. Det er i strid med tariffavtalen når kommunar teiknar pensjonsforsikring i private selskap, meiner LO.
I tariffavtalen heiter det at pensjonsavtalen for dei tilsette skal vera kjønnsnøytral, og ikkje virka utstøytande på eldre arbeidstakarar. Men private forsikringsselskap set forsikringspremien utifrå kor mykje dei må rekna med å betala tilbake. Difor er det høgare premie for kvinner enn menn fordi selskapet må rekna med å betala ut forsikring til ei kvinne i seks år meir fordi kvinner rett og slett lever lenger. Men i kommunane betalar kvar enkelt arbeidstakar to prosent av lønna si til pensjonsforsikring, og så betalar kommunane resten for å jamna ut mellom unge og gamle, kvinner og menn.