skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Boikott Israel

Coop i Noreg, Sverige og Danmark vurderer boikott av varer frå Israel. Mange av medlemmane deira har teke kontakt fordi dei ikkje vil sjå israelske varer i butikken sin.

Av Aagot Opheim. Publisert 04.04.2002 13:50. Oppdatert 04.04.2002 13:56.
Appelsinar, avokado, kinakål, stangselleri og økologiske gulrøter er varer du skal vera på vakt mot dersom du vil boikotta israelske varer. Men no kan Coop koma til å gjera jobben lettare for boikott-villige nordmenn.

- Leiinga i Coop i heile Skandinavia er opprørte over framferda til Israel dei siste vekene, seier informasjonsdirektør Bjørn Kløvstad i Coop Noreg.

Tilsaman har Coop fem millionar medlemmar i dei tre skandinaviske landa, og mange av desse har teke kontakt for å be om boikott av Israel. - Dette er viktige meldingar for ein organisasjon som er oppteken av medlemsdemokrati, seier Kløvstad.

Rema 1000 derimot kjem ikkje til å boikotta varer frå Israel. I staden kjem dei til å merka varene som kjem frå Israel.

- Boikott er ein god måte å gjera folk medvitne om det som skjer i Midtausten, seier stortingsrepresentant Øystein Djupedal frå SV. Han meiner også at regjeringa må vurdera ein norsk handelsboikott av Israel dersom ikkje Israel snart kjem tilbake til forhandlingsbordet.

Christopher Stensaker frå framstegspartiet derimot meiner det er feil av ein butikk-kjede å gå til boikott. - Folk må sjølve få avgjerda kva dei vil handla, seier han.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no