Alder, kjønn og vermeldingEr det pene jenter, unge gutar eller middelaldrande menn som bør presentera veret på fjernsynet? Saka er omdiskutert her i landet, og nå er også utlandet blitt interessert i dei norske vermeldingane.
av Egil Johan Ree Publisert 08.04.2002 13:49. Vi får aldri nok vermeldingar. Avisene har dei kvar dag, radioen døgnet rundt og fjernsynet som fast avrunding av nyheitssendingane. Regn i dalstroka innafor og stiv kuling ved Stad, snø over 800 meter og rasfare i Troms - dagen er ikkje den same utan at vi veit korleis veret blir i morgon. Men kven skal gi oss den uunnværlege bodskapen?
Før var det greit. Trauste, anonyme mannsrøyster frå Meteorologisk Institutt framførde meldingane i radioen. Så kom fjernsynet, og brått fekk vi sjå dei anonyme på skjermen. Så kom det fleire fjernsynskanalar, og inn i stovene kom TV 2 med Siri Kalvig som etter kvart starta sitt eige meteorologiske kontor. Konkurranse må vi ha, også når det gjeld veret. Etter Siri kom det fleire pene, unge damer frå Vestlandet på skjermen, men nå har TV Norge slått tilbake. Der får vi veret servert av pene, unge menn.
Det måtte jo koma før eller seinare, og når det nå først kom, ser det ut til å vera så interessant at sjølvaste New York Times, denne ytterst seriøse avisa, ofrar ein lang artikkel på saka. Nå er det full likestilling i Noreg, slår den amerikanske avisa fast og avkreftar samtidig at dei to vermeldarane i TV Norge berre er hjernetome muskelmenn.
Nå kan Siri Kalvig sitja der med dei vestlandske verdamene sine. Ho som nyleg gjekk til åtak mot Meteorologisk Institutt fordi instituttet stort sett brukar middelaldrande menn til å fortelja oss korleis veret blir. Der står dei og ser ut som gamle lærarar eller professorar med sine peikestokkar som penisforlengjarar, skreiv Siri Kalvig. Utgått på dato! tordna den elles så blide Stavanger-dama frå sitt Storm Weather Center i Bergen.
Det mannsdominerte norske meteorologiske institutt forsvara seg så godt det kunne, men Kristen Gislefoss ville ikkje kommentera peikestokken.
Oss er det ingen som har spurt til råds, men nå har vi i alle fall valfridom: vi kan sjå på dei unge damene i TV 2, dei unge mannfolka i TV Norge eller på dei halvgamle karane med penisforlengjar i NRK. Det neste blir kanskje lesbiske eller homofile vermeldarar, men i grunnen kan det vera det same kven det er. Det viktigaste er at dei melder korrekt ver.
|