skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Nye flyruter:

Bodø-Bardufoss via Oslo

Nye flyruter gjer at folk som skal fly frå Bodø og nordover til Bardufoss, må omvegen om Oslo. Ei halvtimes flyreise har vorte til ei reise på fem timar til 12 000 kroner.

Av Aagot Opheim. Publisert 03.04.2002 14:09. Oppdatert 03.04.2002 15:05.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Sidan 1999 har Braathens flydd med Boeing 737-fly mellom Bodø og Bardufoss. Flyet har plass til nesten 150 passasjerar, men har i gjennomsnitt berre fire personar på kvar tur. Dette blir for dyrt, seier informasjonssjef Anne Grete Ellingsen i Braathen. Selskapet tener ikkje pengar på å frakta så få folk med så stor maskin. No legg Braathens ned alle dei fem daglege flyrutene mellom Bodø i Nordland og Bardufoss i Indre Troms. Og ein stakkars passasjer som har tenkt seg ut på ein kort flytur, må i staden ut med 12 000 kroner for å reisa sør til OSLO for å reisa nordover igjen med eit anna fly.

- Det er til å få bakoversveis av, seier Torill Stenersen. Ho skulle reisa frå Bodø til Bardufoss, og fekk beskjed om at ho måtte reisa om Oslo.

Stortinget kunne ha stoppa nedlegginga av direkteruta. Staten kan kjøpa flyruter dei meiner er for viktige til å leggjast ned. I fjor brukte staten over 400 millionar kroner på dette. Men i dag vil ingen forskottera pengar til Bardufoss.

- Trist, men forståeleg seier stortingsrepresentant Petter Løvik frå Høgre. Han er leiar for samferdselskomiteen. No håpar han på at nokon andre skal sjå forretning der Braathens gir opp. Han vil også oppmoda Braathens til å prøva med mindre fly og til dømes berre ei rute om dagen.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no