Nordmennene og VårherreNesten halvparten av nordmennene har større tiltru til lyrkja enn til regjeringa. Det går fram av ei undersøking som elles viser at nordmenns tilhøve til Vårherre og kyrkja har halde seg svært stabilt dei siste tiåra.
av Egil Johan Ree Publisert 04.04.2002 13:36. Vi er visst ikkje så avkristna her i landet som mange vil ha det til. Rett nok er det ikkje så mange som går i kyrkja om sundagane, og det allmenne inntrykket ein gjerne kan få, er at nordmenn flest er meir opptatt av seg sjølv og Mammon enn av Vårherre. Men tala viser noko anna. Heile 47 prosent, med andre ord nesten halvparten av alle nordmenn seier at dei trur på Gud. Dette går fram av ei måling som Markeds- og Mediainstituttet har stått for, og tala syner og at tilhøvet til kyrkja og Vårherre har halde seg svært stabilt i åra sidan 1985 då instituttet gjorde den første målinga.
Rett nok var det nokre prosent fleire som trudde på Vårherre den gongen, men til gjengjeld har talet på dei som reknar seg som personleg kristne gått opp med eit par prosent. Over 20 seier dei tilhøyrer denne kategorien, går det fram av undersøkinga.
For bispar og prestar må det vera hyggeleg å lesa at bortimot halvparten av alle nordmenn - 45 prosent for å vera nøyaktig - har svært stor eller ganske stor tiltru til kyrkja. Det er ein auke på seks prosent frå 1999. For statsminister Bondevik er undersøkinga kanskje ikkje så triveleg, for medan tiltrua til kyrkja aukar, så går det tilbake med tiltrua til regjeringa. For tre år sidan var det 51 prosent av nordmennene som hadde stor tiltru til regjeringa, nå er det berre 42 prosent, med andre ord ein tilbakegang på heile ni prosent. For første gong trur altså nordmenn meir på kyrkja enn på regjeringa. Presten Bondevik har såleis grunn til å vera nøgd med utviklinga, men regjeringssjefen med same namnet har fått noko å tenkja på.
Det går også tilbake med folks tiltru til Stortinget. Snart er det like mange som har tillit til kyrkja som til dei folkevalde rikspolitikarane. Målinga viser at 47 prosent av nordmennene har tiltru til nasjonalforsamlina nå. For tre år sidan var det åtte prosent fleire.
Kyrkja kan altså feira påske i tillit til at det slett ikkje står så ille til med oppslutnaden frå folket. Politikarane derimot bør skjerpa seg og kanskje bruka påskeferien til å tenkja over kva dei bør gjera for å bli meir tillitvekkjande.
|