Russisk språk i fare?I Russland kan det bli innført straff for å bruka språket feil. Det russiske parlamentet skal drøfta ei lov om dette seinare i vår. Publisert 28.03.2002 15:58. Av Egil Johan Ree
Såkalla språkpuristar finst i alle land. Dei kjempar tappert den gode kamp for å halda det nasjonale språket purt og reint, men ofte strevar dei i motbakke.
For språk har ei irriterande evne til å leva sitt eige liv. Nye ord og seiemåtar dukkar stadig opp, og i vår internasjonaliserte tid snik utanlandske ord og uttrykk seg inn og får puristane til å frysa på ryggen.
Franskmennene, til dømes, har lenge kjempa mot anglifisering av språket. For nokre år sidan vedtok dei ei lov som skulle hindra at engelsk fekk for mykje innpass. Den internasjonale butikkjeden Body Shop var blant dei som fekk kjeft for ikkje å bruka fransk til å informera kundane. Utanlandske firma som etablerte seg i Frankrike vart pålagde å bruka fransk.
Nå er det altså dei russiske puristane som slår alarm. Etter at sovjettida var over og landet opna seg for utanverda, har engelske ord strøymt inn også i Russland.
Med aukande handel og turisme, utanlandsk reklame og internett-bruk er det ikkje til å unngå, men puristane likar det ikkje. Dei likar heller ikkje at ungdomen drar slanguttrykk inn i språket, ofte uttrykk frå den russiske underverda.
Nå vil utdaningsministeren ha straff for dei som brukar språket feil, som det står i ei melding frå Moskva i dag. Kva slag feil han tenkjer på, og kva straff han ser for seg at dei skuldige skal få, går ikkje fram av den korte meldinga, men i mai skal det russiske parlamentet drøfta eit program som tar sikte på å verna om det russiske språket.
Det skal dessutan lagast ei ordbok med spesielt vanskelege ord som skal delast ut til embetsfolk, juristar og nyheitsopplesarar.
Russarane slår altså lag med franskmennene som har valt å bruka lova for å verna om språket, men det blir nok ingen lett kamp. Engelsk er på stadig frammarsj i Europa. På arbeidsmarknaden kjem ein ikkje langt på karrierevegen utan kjennskap til engelsk.
I Brussel, hovudstaden for EU, blir engelsk stadig meir vanleg som arbeidsspråk, jamvel om EU offisielt stadig hevdar at språka i alle medlemslanda er likeverdige.
Det russiske språket med sine rike litterære tradisjonar står sjølvsagt ikkje i fare for å forsvinna med det første, men internasjonaliseringa kjem nok til å setja sine merke.
Puristane får nok å gjera, men det spørst kor langt dei kjem med lov og straff.
|