skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Korleis står det til med Britney Spears?

Pop-idolet Britney Spears er blitt intervjua av britisk presse i samband med ein film ho er med i. Idolet opplyser at ho for tida ikkje har noko intenst forhold til nokon mann.

Publisert 28.03.2002 11:28.
Av Egil Johan Ree
Vi er inne i den såkalla stille veka som ofte er ei vanskeleg tid for oss som skal informera lesarar, lydarar og sjåarar om det som går for seg i verda.

Det går ikkje alltid så mykje for seg i den stille veka, bortsett frå i påskefjellet sjølvsagt, der norske media kvart år skal ha oss til å tru at dei fleste nordmenn er, endå om det er eit statistisk faktum at dei fleste er heime eller på handletur til Sverige.

Men dei som altså er heime og har tilgang på aviser kan gle seg over at jamvel om avisene er tynne, så får dei med seg det viktigaste som skjer.

På nettsidene til Aftenposten kan vi såleis i dag under rubrikken "Kultur" lesa det siste nye frå den såkalla Britney-fronten. Det dreier seg då om syngedama - eller syngebaben - Britney Spears.

Ho er 20 år gamal og etter det til og med vi skjønar eit stort namn i pop-verda. Nå har ho spela i ein film, og i det høvet har pressa fått lov til å stilla spørsmål. Det alle journalistane visst nok brann etter å få vita, var korleis Britney hadde det med ein mann som heiter Justin Timberlake. Det hadde dei på førehand fått streng ordre om ikkje å stilla spørsmål om, men pressa gir seg ikkje så lett.

Etter det forstår av reportasjen, vart det på snedig vis spurt om Britney for tida hadde noko intenst forhold til einkvan. Det hadde ho ikkje, sa ho, så då veit vi det. Ho har ikkje noko intenst forhold, korkje til Justin Timberlake eller nokon annan - for tida. Slik må vi i alle fall tolka Aftenposten.

Går vi til VG får vi det faktisk i klartekst. VGs kjelder har greid å få Britney Spears til seia at ho for tida er single. Det kan sjølvsagt ikkje tolkast på annan måte enn at det er slutt mellom henne og Justin Timberlake - i alle fall for tida.

For når det gjeld Britney Spears er det ikkje alltid så lett å vita korleis det står til. Lenge var det såleis uklart om Britney var jomfru eller ikkje. Avisene vart svært opptatt av dette sentrale spørsmålet, men så vidt vi skjønar er dei fleste nå overtydde om at uskulda er borte - til glede for dama sjølv, får vi tru, men kanskje til ulempe for PR-byrået hennar.

Men heilt sikre på korleis det står til med Britney er vi ikkje, så vi må nok bu oss på å leva i uvisse i resten av den stille veka. Det er som vi veit smått med aviser i dagane som kjem, så vi må kanskje venta like til etter påske før vi får vita meir om kjærleikslivet til Britney Spears.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no