Orderud-saka: Kjent skuldige utan sikre provEr krava til bevisførsel for svake i norsk rett? I går vart fire personar kjent skuldige i å ha medvirka til drap. Men retten tok ikkje stilling til kven som skaut. Av Aagot Opheim. Publisert 22.03.2002 13:54. Orderud-saka er, etter to rettsaker og fire skuldige, framleis eit mysterium. Retten har ikkje teke stilling til kven som skaut og drap tre menneske på Orderud i pinsen for snart tre år sidan.
Berre mordaren eller mordarane veit sikkert kva som skjedde då foreldra og søstera til Per Orderud vart drepne. Retten fann at den samla bevismengda var nok til å kjenna dei fire skuldige.
Men advokat Christian Wiig meiner dette er for svakt. Han skulle ønskja seg sterkare krav til eintydige prov i norsk rett.
Advokat Erik Keiserud meiner derimot det er bra at det er den samla bevisføringa som gjeld i norsk rett. No har retten funne det sannsynleg at alle dei fire har medvirka til drapet. - Me har ingen andre val enn å la summen av indisier vera utslagsgivande, seier Keiserud. I Her&Nå blir det debatt.
|