Fritt skuleval i TrondheimI Trondheim kan Tillerbyen bli utstillingsvindauge for skulepolitikken til Høgre. Partiet vil at foreldra fritt skal få velgja skule for barna sine. Arbeidarpartipolitikar Rune Olsø er redd dette kan føra til A- og B skular.
Publisert 20.03.2002 15:54. Oppdatert 21.03.2002 13:20.Torsdag skal bystyret i Trondheim ta stilling til om foreldra i bydelen Tiller fritt skal kunna velgja skule for barna sine. Samtidig vil Høgre at skulepengane frå kommunen skal fylgja kvar enkelt elev, og at skulane skal offentleggjera eksamensresultat.
- Berre på denne måten får foreldra eit fritt skuleval, seier Trygve Bragstad som er fraksjonsleiar for Høgre i oppvekstkomiteen i Trondheim. Han vil at skulane skal marknadsføra seg sjølve på internett med resultat og satsingsområde.
Arbeidarpartipolitikar Rune Olsø vil ikkje ha ei slik ordning. Han er redd det skal føra til a- og b-skular. Dersom ein skule slit, vil det føra til at ærgjerrige foreldre flyttar barna sine over til ein annan skule. Og når pengane skal fylgja eleven, vil skulen med problem i utgangspunktet, få mindre pengar og dermed endå større problem. Samtidig er han redd for at elevar ikkje skal koma inn på nærmiljøskulen sin, og må skyssast lange vegar for å gå på skule.
|