skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

bin Laden har nyreplager og vondt i magen

Osama bin Laden har nyreplager, vondt i magen og problem med å sova. Dette og litt til fortel ei av konen til den ettersøkte terroristen i eit intervju som det britiske kringkastingsselskapet BBC har sendt ut.
v. Egil Johan Ree

Publisert 14.03.2002 14:52.
Vi høyrer ikkje stort om bin Laden nå om dagen. Verdas mest ettersøkte mann er borte vekk. Ikkje ein gong USAs formidable etterretningsapparat har greid å finna han. For nokre månader sidan høyrde vi om bin Laden kvar dag. Eit par gonger såg vi han og på skjermen der han med dyster mine og våpen ved sida uttala seg om den store Satan USA. Verda skalv ved tanken på kva bin Laaden kunne finna på som neste trekk etter tvillingtårna i New York.

Nå veit vi ikkje ein gong om han er død eller om han lever. Det veit ikkje ein gong kona hans, eller rettare sagt ei av dei fire konene han har. Eit arabisk vekeblad i London har greid å spora henne opp ein eller annan stad, og BBC gjengir intervjuet med henne. Særleg snakkesalig er ho ikkje, men vi får i alle fall vita at det ikkje stod så bra til med han den siste tida ho såg han. Han hadde vanskar med nyrene og vondt i magen. Han sov lite og måtte ha pillar for å somna. Kom ofte seint heim og la seg på senga i timevis. Dersom nokon snakka til han, vart han sint. Han såg bekymra ut heile tida, var trøytt og utmatta.

Ein gong i veka kom han til kona som det engelsk-arabiske vekebladet har møtt. Var uroleg for at ein av hans eigne menn kunne bli betalt av USA for å ta livet av han. Siste gong denne kona såg han, var før 11. september i fjor.

Nokon ekteskapeleg idyll var det altså ikkje, men barna tok han seg i alle fall av. Då Taliban stengde alle ikkje-religiøse skolar i Afghanistan, skaffa bin Laden privatlærar til ungane sine slik det sømer seg ein rik arabisk forretningsmann. For det er han framleis, ved sida av å vera ettersøkt terrorist. Ungane lærde både engelsk og matematikk og fekk opplæring i bruk av datamaskin. Det var ikkje for alle likt i det Taliban-styrde Afghanistan.

Nå gøymer bin Laden seg ein eller annan stad, dersom det er så at han framleis er i live. Om han pønskar på nye åtak mot den fordervelege store Satan USA, veit altså ingen. Og i dag seier president Bush at han i grunnen ikkje bryr seg. bin Laden er ein parasitt som fann sin overmann, seier Bush, som påstår at han ikkje lenger kastar bort tid med å bekymra seg over kva som har skjedd med terroristen. Det bekymrar ikkje oss heller så mykje, men vi likar ikkje tanken på at han lever og kanskje kan finna på nye terroråtak.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no