Folk i Lyngen i Troms jublar over at NRK skal leggja innspelinga av ein såkalla realityserie til den nedlagde folkehøgskolen i bygda. Tidlegare har dei sagt nei til å ta imot flyktningar i skolebygningen.
v. Egil Johan Ree
Det er klart det er hyggelegare å bli fjernsynskjendisar enn å ta seg av flyktningar. Alle veit korleis det er med desse flyktningane som kjem frå eksotiske land med framande religionar og underlege skikkar. I Lyngen i Troms er dei ikkje i tvil. Flyktningar vil dei ikkje ha, men NRK fjernsynet skal gjerne få koma.
Det har seg nemleg slik at Lyngen har ein nedlagd folkehøgskole. Etter bilete i Dagbladet å døma, er det ein flott, verneverdig gamal trebygning. Den hadde Utlendingsdirektoratet, UDI, kasta augo sine på. Her kunne det bli plass til 100 flyktningar. Men då sa folk i kommunen nei. Det vart arrangert møte om saka, og folket fekk seia si meining. Fleirtalet ville ikkje ha flyktningar. Dei kunne rasera huset, var eit av argumenta. Sjølvsagt er ingen i Lyngen imot flyktningar generelt, men på Solhov nedlagde folkehøgskole passar dei ikkje.
Men så melde NRK fjernsynet seg. Denne ærverdige institusjonen har planar om å gjera som alle andre fjernsynsselskap som kjempar om sjåarane i våre dagar. NRK skal laga reality-serie: ein konkurrent til Big Brother, Temptation Island, Kråkeslottet og kva dei heiter. Eldrebølgen heiter serien som NRK skal produsera, og deltakarane skal vera over 60 år. Førti episodar skal det bli i alt. Innspelinga startar i Lyngen sommar.
Så nå jublar dei i Lyngen. Dette blir storveges reklame for bygda. Lyngenalpane skal rulla over fjernsynsskjermar over heile landet, fjernsynskamera skal følgja sekstiåringane rundt i bygda, og kven veit om ikkje både den eine og den andre av bygdefolket kan koma med på bileta. Den positive marknadsføringa blir enorm, seier ordføraren til Dagbladet i dag. Han minner om at det blir ein seriøs serie utan fyll og sex - kva han nå måtte vita om det. Sekstiåringar kan finna på litt av kvart når dei er langt nok heimanfrå.
Regiondirektør Fridfeldt i UDI stiller seg undrande til Lyngen som jublar for reality-fjernsyn men set fingeren ned for flyktningar. Direktøren får vond smak i munnen, seier han. Han om det, tenkjer dei nok i Lyngen. Flyktningane får andre ta seg av. Det er mykje kjekkare å koma på TV.