No skal rikingar kunna starta privatskular her i landet dersom dei meiner den offentlege skulen er for dårleg. Utdanningsminister Kristin Clemet vil endra privatskulelova. Det kjem til å skapa sosiale skille, seier motstandarane. Høyr debatten i Her&Nå.
I dag er det berre lov å starta privatskular som er eit livssynsmessig eller pedagogisk alternativ til den offentlege skulen. Slik er norske privatskular stort sett anten kristne eller Steiner- og Montessori-skular. Dette er for snevert meiner Clemet.
I tillegg likar ikkje Clemet at dagens lov opnar for tolkningar. Slik har det vore vanskelegare å få godkjenning som privatskule av ein Arbeidarparti-statsråd enn av ein borgarleg statsråd.
I april sender Kristin Clemet eit framlegg til ny privatskulelov på høyring. Ho meiner kravet til eit alternativt formål skal erstattast med eit krav til innhald og kvalitet på friskulen. I tillegg vil ho at alle som oppfyller krava når det gjeld kvalitet og innhald, skal godkjennast uavhengig av kven som sit i regjeirngskontora.

Dette kjem til å føra til sosiale skille, meiner Stortingsrepresentant Karita Bekkemellem Orheim frå Arbeidarpartiet. Slik vil folk med god råd, kunna kjøpa seg bort frå nedslitte og gamle offentlege skular.