skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Til bryllaups med karamellar

Over fem tusen ynskjer å delta i prinsessebryllaupet i mai. Søkjarane tek i bruk alle middel for å få ein plass mellom kongar og adelege i Nidarosdomen.

Publisert 08.03.2002 11:04. Oppdatert 08.03.2002 11:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
- Eg og mamma vil gjerne sjå prinsessa og Ari Behn gifte seg. Sender også med noko godt å tyggje på, skriv ei lita jente som vil vere med på bryllaupet mellom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn i Niradosdomen den 24. mai. Jenta legg ved nokre Smørbukk-karamellar i brevet. Og det kan trengjast, for konkurransen er stor. Av fem tusen som har søkt, får berre rundt sju hundre plass i kyrkja.

Må treffe i hjartet

Nokre sender med karamellar og søtsaker, andre sender plastarmbånd med gule, grøne, rosa og turkise perler. Atter andre har laga sløyfer i sølv og filt som prydar breva. Ein fyr har like godt sendt inn tjue kliss like søknader for å få større sjanse i trekninga. Men Fylkesmannen oppdaga det, så dei tjue søknadane tel berre som ein. Dei potensielle gjestane i sommarens prinsessebryllaup brukar alle slags middel for å bli trekt ut. Men bryllupskoordinator Asbjørn Eide seier at alle skal få ein sjanse.

- Alle skal ha i utgangspunktet ha lik sjanse til å bli trekt ut. Men det er klart, vi ser gjennom søknadane, og viss dei treff oss i hjartet så reserverer vi plassar til dei. Resten skal vi trekke lodd om, fortel Eide.

Unge jenter og eldre damer er i fleirtal blant søkjarane til vielsen. Det er først og fremst barn som står for dei kreative breva. Ei jente som har teikna Ari og Märtha på brevet, skriv: "Hei, jeg er ei jente på åtte år som har kjempelyst til å se prinsesse Märtha Louise i bryllupet. Jeg elsker å være prinsesse og leker ofte som det. Tenk om jeg kunne fått lov å komme i kirka sammen med mormor når dem gifter seg!"

Vil glede naboen

Nokre av søkjarane vil glede ein nabo som har vore sjuk lenge. Andre har bryllaupsdag eller bursdag på same dato som bryllaupet. Nokre vil ha plassar til bedrifta si eller idrettslaget. Enkelte skriv nesten ingenting, andre skriv lange avhandlingar krydra med bilder, teikningar og glitter. Henny Olsen sit midt oppi haugen av søknader og er med på å plukke ut dei finaste.

- Det her er enormt! Vi har fått veldig mange flotte søknader. Folk har verkeleg gjort seg flid. Vi skulle gjerne hatt plass til endå fleire i kyrkja, seier Olsen.

Eventyrprinsesse

Mange såg kronprinsbryllaupet i fjor på fjernsyn og opplevde det som eit eventyr. I år festar ei lita jente sin lit til eventyret om prinsesse Märtha Louise og Ari Behn - som ho har skrive sjølv:

"Det var en gang ei lita jente som hette Märtha Louise. Hun vokste opp sammen med mamma, pappa og broren sin. Den lille jenta var prinsesse. Og en dag møtte hun en pen mann som hun ville gifte seg med. Det var Ari. De giftet seg i vår kirke, Nidarosdomen. Så levde de lykkelig i sine alle dager til ende."


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no