Av:
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Streikande sjukepleiarar over heile landet, må levere frå seg streikeband og gå attende til jobbane sine. Kommunalminister Erna Solberg greip inn og stoppa streiken i går, fordi den trugar liv og helse. Det likar sjukepleiarane dårleg.
Forbanna
Rasande og skuffa sjukepleiarar fekk ut frustrasjonane på fylkeskontoret til Norsk Sykepleierforbund i Trondheim i dag. Mange er rett og slett forbanna og vil gjere livet surt for arbeidsgjevarane.
- Vi kjem til å nekte overtid, med mindre vi får ordre om å jobbe ekstra, seier anestesisjukepleiar Bjørg Fenstad på St. Olavs Hospital i Trondheim. Det er slutt på godviljen.
- Krigserklæring
Lønsnemda er ei krigserklæring frå staten, meiner sjukepleiarane. I Østfold førebur dei seg på ein ny streik denne våren.
- Vi har eit velsmurt streikemaskineri, seier Kirsten Brubakk, hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved sjukehuset i Østfold. Når den gamle tariffavtalen går ut 30. april er dei klare til ny kamp.
- Vi gir oss ikkje før kravet om lik løn for alle sjukepleiarane er innfridd, seier Brubakk.