Kyr på silkeseng?Sosialistisk Venstreparti ønskjer at norske kyr skal få det betre i fjøset. Bl. anna gjer partiet framlegg om at kyrne bør få sova på madrassar. Av Egil Johan Ree. Publisert 05.03.2002 10:16. "Skuler og rask, og ligge i boss! Skuler og rask, og ligge i boss!" Somme minnest kanskje denne regla frå folkeeventyret om grisen som var lei av levemåten sin. Han var avundsjuk på kua og hesten som vart servert god mat og fekk liggja turt og godt i båsane sine. Sjølv måtte han ta til takke med matrestar og skylevatn, og om natta måtte han liggja i lort og våt halm.
Han hadde ikkje noko politisk parti som kunne ta opp problemet, grisen i eventyret, han måtte ta saka i eigne labbar. Som vi hugsar, gjekk han sjølv til tings og fekk dom for at han fortente ein betre levemåte. I dag har vi politikarar som kan ta opp slike saker for dyr som ikkje er like initiativrike som grisen hos Asbjørnsen og Moe. Stortingsrepresentant Inge Ryan frå Nord-Trøndelag likar ikkje vilkåra som dagens bønder tilbyr husdyra. Kyrne, f.eks., lever i tronge båsar og må ta til takke med harde betonggolv når dei skal sova, seier Ryan. Han meiner at kyr skal ha gode madrassar å liggja på. Ikkje bør dei stå på bås heller. Dei bør få gå fritt omkring i fjøset slik at dei kan søkja kontakt med dyr som dei ønskjer å ha kontakt med.
Det er gode og dyrevenlege framlegg stortingsrepresentanten her gjer seg til talsmann for. Ein skal ikkje sjå bort frå at han har mange kyr med seg. Dei har det nok ikkje så triveleg som grisen i eventyret trudde dei hadde det. Bøndene er nok og klar over situasjonen, og somme har faktisk kosta på seg mjukt underlag som dyra kan stå og liggja på. Men det spørst korleis bønder flest kjem til å reagera dersom Stortinget vedtar at båsane skal ut og fjøsa utstyrast med madrassar. Slikt kostar pengar, og pengar er det visst ikkje flust av i landbruksnæringa i dag. Inge Ryan meiner at staten og bøndene bør dela på rekninga. Bøndene vil nok mistenkja at det likevel blir dei som får det meste av utgiftene. Og så spørst det om bøndene meiner at kyrne verkeleg har det så ille som Inge Ryan meiner at dei har det.
Grisen i eventyret fekk lovnad om at han skulle få både god mat og godt liggjeunderlag. Han skulle få kvila på silkeseng, står det. Men som vi veit, vart han lurt på heimvegen, så då han omsider kom heim, var det å gå til sengs i same lorten og same våte halmen. For kyrne sin del kan vi vona at det går betre med dei enn med grisen, men, som sagt, det spørst kva bøndene meiner.
Egil Johan Ree,
Her & Nå 4. mars 2002
|