Dyrt å vera statsråd
Statsrådar bør få dekt utgifter til snippkjolar, barnepass og reinhald i heimen. Det meiner fleire departement som har sett på arbeidsvilkåra for regjeringsmedlemene. Av Egil Johan Ree. Publisert 04.03.2002 13:35. Det er ingen spøk å bli statsråd, forstår vi. Ikkje berre skal statsrådar styra land og folk og ta imot kjeft frå opposisjonen, dei skal og representera, som det heiter. Gå i selskap, klippa snorer og kasta glans over all slags samkomer der folk ventar at regjeringsmedlemene skal møta opp med fine klede og blankpussa sko. Mørk dress eller smoking må dei mannlege statsrådane ha, stundom til og med snippkjole. Og damene må ha lange og representative kjolar.
Det kostar pengar å halda seg med skikkeleg garderobe, det veit alle, så det er ikkje å undrast over at departementa nå ber skattebetalarane om å hjelpa dei arme statsrådane. Med ei årsløn på 7-8 hundre tusen er det ikkje så lett å klara alle utgiftene som strøymer på når ein er komen til kongens bord. Det er Aftenposten som i dag avslører korleis det står til med statsrådane. Somme av dei har måtta ta opp lån hos kjende eller i banken for å koma i gang med statsrådlivet.
Men nå har det vore høyring i departementa og då får vi tru at det blir ei ordning. Det ligg føre ulike framlegg om korleis ein kan hjelpa statsrådane til eit liv utan økonomiske problem. Eitt går ut på å gi dei eit flatt tillegg på hundre tusen kroner i året. Andre framlegg går ut på å dekkja dokumenterte og naudsynte utgifter til klede, barnetilsyn, reinhald i heimen og liknande, for statsrådar har lange dagar og lite tid til ungepass og støvsuging. I alle fall bør nye statsrådar straks få utbetalt eit forskot på 50 tusen kroner slik at dei kan kasta seg over det politiske arbeidet med det same og ikkje sløsa tid på å forhandla om lån til snippkjole.
Det er sjølvsagt heilt tilfeldig at opplysningane om dei økonomiske problema for regjeringsmedlemene kjem samtidig med meldingar om at statstilsette og andre som brukar bil i tenesta skal få mindre køyregodtgjerdsle nå enn dei fekk før. Og offentlege tenestefolk på reise skal få langt mindre å eta for enn dei har fått til denne tid. På reiser som varar mellom seks og 12 timar fekk ein tidlegare 250 kroner. Nå skal det bli 40 kroner om ein er borte mellom fem og ni timar og heile 100 kroner om ein reiser opp til 12 timar. Det blir nok matpakkar og pølsebuer frå nå av. Men til gjengjeld slepp ein å bry seg med snippkjole.
Egil Johan Ree, 01.03.2002
|