skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

OL-fest vart medaljeskandale

Det skulle vore fest og jubel i Russland og Spania då OL-utøvarane kom heim med medaljar frå Salt Lake City. Men så enda det også denne gongen med krangel og dopingskandale.
Egil Johan Ree:

Publisert 26.02.2002 14:37.
Nesp er det nye ordet vi har lært desse dagane. Vi hadde aldri høyrt om det før, men det hadde altså Mühlegg og dei russiske skijentene og sikkert andre deltakarar også, for i skimiljøet får dei tidleg høyra om stoff som kan gi ekstra krefter i løypene. Dei gamle stoffa var det for risikabelt å ta, dei var lette å avsløra, men Nesp var nytt, og dermed kunne fjuskarane satsa på at dopingjegarane ikkje hadde funne metodar til å avsløra fjusket.

Så nå er russarane sure fordi dei vart oppdaga og hevdar at metoden som er brukt til avsløring er så ny at han ikkje er god nok. Russarane er i det heile svært sure på desse olympiske leikane. Det har ikkje gått slik det gjekk før i tida då Sovjetunionen og Aust-Tyskland, eller DDR, tok det meste som var å ta i dei fleste idrettstevlingar - med seige mannlege utøvarar og kvinnelege atletar med maskuline musklar og tilløp til bart. I år er det ikkje blitt så mange medaljar. Den gongen var det i endå større grad enn nå nasjonal prestisje det stod om. Det var om å gjera å syna at det sosialistiske systemet var overlegent. Sovjetiske og aust-tyske farmasøytar og kjemiekspertar hadde travle tider og låg alltid eit godt stykke framfor dopingjegarane.

Men nå har dopingjegarane skjerpa seg, og det var ein strek i rekninga for russarane. Nå klagar dei fornærma russiske OL-leiarane over at dei olympiske arrangørane har politiske motiv for å hindra Russland i å vinna. Dei har sendt protestbrev med krav om at Lazutina må få tilbake gullmedaljen.

Når det gjeld Mühlegg, snakkar han ikkje fullt så høgt. Han tenkjer vel sitt der han gremmar seg i Spania over den tapte medaljen og meldinga om at kongen har avlyst møtet med han. Kanskje skuldar han på trolldom og hekser som vi har forstått han er svært opptatt av.

Vi som har brukt så mykje tid framfor skjermen i desse vekene, er også vonbrotne og sure. Det er ikkje slik vi vil ha det. Vi gidd ikkje sitja der og sløsa med adrenalinet på folk som driv med fusk og fanteri. Men det spørst om vi kjem til å få det særleg annleis. I Dagbladet ser vi at Nesp er laga av stoff frå kinesiske og mongolske hamsterar. Til neste OL har dei sikkert greid å finna andre eksotiske dyr som kan gi utøvarane nokre ekstra sekund i løypene.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no