skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Internett-aggresjon

Ei britisk undersøking viser at mange tilsette som arbeider med datamaskinar blir stressa fordi internett fungerer dårleg. Dette fører til det som blir kalla internett-aggresjon.

Publisert 21.02.2002 14:38.
Av Egil Johan Ree (kåseri 210202)

Ein frustrert it-mann vedgår at han etter ein kamp med nettsida på datamaskinen vart så sinna at han knuste heile den bærbare maskinen til 30 000 kroner. Han prøvde seks gonger å registrera seg for å koma inn på sida utan å lykkast.

Mange som høyrer dette vil nå kjenna seg att og senda medfølande tankar til den stakkars mannen. For slik er vi blitt etter nokre års samvær med datamaskinar som altfor ofte lever sitt eige liv og ikkje lystrar komandoane våre. Ikkje arbeider dei fort nok heller. Særleg dette siste kan utløysa internett-aggresjon. Ein datamaskin skal per definisjon arbeida fort. Vi trykkjer på knappane og ventar på at sida vi har bruk for, skal koma fram på skjermen. Først kjem det litt, så kjem det litt til, så stansar det opp og så sneglar tekst eller bilete seg nedover skjermen. Yngre folk utan røynsle frå eldre tider då vi f.eks. hadde skrivemaskinar og rikstelefon, blir då stressa og frustrerte, for i dag skal det gå kjapt. Det er det vi har datamaskinar til.

Og snart skal det bli endå meir frustrerande, for nå skal det bli skilnad på databrukarane. Dei som bur i tettbygde strok skal lettare få såkalla breiband enn dei som bur ved sentralar som ikkje kan brukast til slik tilknyting. Då får vi ei klasse med folk som kan surfa raskt og effektivt på nettet, medan dei andre kan ha det så godt der dei sit med sine gamle modem og misunner breibandbrukarane. Det kan bli mykje internett-aggresjon av slikt.

Den britiske undersøkinga syner at meir enn halvparten av arbeidstakarane som brukar datamaskinar, blir forbanna minst ein gong i veka. Ti prosent blir råka av den såkalla internett-aggresjonen kvar dag, melder Dagens Næringsliv. Blant dei irritasjonsmomenta folk særleg nemner er sakte nedlasting av heimesider, uforståelege hjelpefunksjonar og krav om å registrera altfor detaljerte personlege opplysningar. Personleg kunne vi nemna fleire andre ting.

Men slik er det blitt at dei fleste av oss er dømde til å leva med datamaskinane, og når alt kjem til alt har dei sine gode sider og. Det var ikkje så enkelt før heller, før vi hadde internett. Då måtte vi bruka postverket og rikstelefonen. Det hende det bygde seg opp aggresjon i den tida og.
Egil Johan Ree

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no